Kontrakten er tildelt av Statoil. Arbeidet går ut på å byggja ny bustadmodul til Gjøa-plattforma, på til saman 3600 kvadratmeter. Modulen får ein kapasitet på 100 enkle lugarar. I tillegg kjem rekreasjonsområde, administrasjonssenter og kontrollrom, vert det meldt i ei pressemelding frå Leirvik MT onsdag.

Levering om to år

Planlegging og prosjektering startar umiddelbart, medan prefabrikasjonen tek til i løpet av sommaren 2007. Modulen skal leverast ferdig testa i februar 2009, ved kai hos Aker Kværner Stord. Der skal modulen koplast saman med dekket på Gjøa-plattforma.

Aldri før i sin 60 år lange historie har Leirvik MT hanka i land ein så stor kontrakt. Dette er det sjuande bustadkvarteret Statoil tingar frå Leirvik MT. Det første var Gullfaks A som vart levert i 1985.

Statoil har i dag 12 bustadkvarter i dagleg drift som er levert av Leirvik MT.

Leirvik MT (ILL)