Beslaget av amfetamin i Hordaland hittil i år er nesten dobla samanlikna med same periode i fjor. Politiet har også beslaglagt 66 gram meir kokain enn første halvår 2006.

Hordaland er blant dei politidistrikta som har beslaglagt mest amfetamin. Det viser ein fersk narkotikastatistikk frå Kripos.

— Vi synest situasjonen innanfor narkotikaområdet er bekymringsverdig, det har den vore over ei tid no. Vi har hatt ein kraftig auke i talet på større og alvorlege saker, seier påtaleansvarleg Gunnar Fløystad ved Hordaland politidistrikt.

Ikkje noko halvår før har det blitt beslaglagt så mykje amfetamin i Norge. Også kokainbeslaget er større enn noko sinne, dersom ein ser vekk frå eit beslag på 152 kilo i 2005 som ikkje var tiltenkt den norske marknaden.

Amfetamin passerer cannabis

På landsbasis blei det beslaglagt 265 kilo amfetamin og metamfetamin, mot 235 kilo cannabis.

Dermed har desse stoffa passert cannabis i mengde, noko som er heilt nytt. Ifølgje Kripos er Noreg eit stort nedslagsfelt for desse to stoffa i europeisk samanheng.

Det er beslaglagt små mengder av cannabis samanlikna med tidlegare år.

— Det er ingen grunn til å tru at tilbodet og etterspørselen etter cannabis har gått ned. Difor er det overraskande at dei beslaglagde mengdene er så små, seier Kripossjef Odd Olsen Ingerø i ei pressemelding.

Han understrekar at statistikken er basert på halvårstal, og at biletet difor kan endre seg i løpet av året.

Unge brukarar

Ifølgje stiftelsen Bergensklinikkene er brukarane av kokain unge og ressurssterke.

— Kokain er eit forholdsvis dyrt rusmiddel, som gjer at det er unge etablerte vaksne med pengar som bruker det, seier spesialkonsulent Liv Flesland ved Bergensklinikkene.

Bruken skjer først og fremst på utelivsarenaen, og ikkje i etablerte rusmiljø.

— Vi kan ikkje seie at det er ein utbredt bruk, men vi ser at det er meir enn det var for eit halv år sidan, seier Flesland.

Ho er bekymra over den psykiske avhengnaden som kokain medfører.

— Ein får gjerne nedturar når rusmiddelet er på veg ut av kroppen, og då vel mange å ta i bruk andre roande midlar. Det kan vere alkohol eller medikament som er vanedannande. Dermed risikerer ein å bli avhengig av fleire stoff, seier Flesland.

Bergen heroinby

Så langt i år er det beslaglagt lite heroin, om lag fem kilo på landsbasis. Sidan tusenårsskiftet har det vore ein jamn nedgang i talet på beslag av heroin.

I Bergen er situasjonen annleis. Her held beslaget seg stabilt, med ein liten auke frå i fjor til i år. Hordaland er på herointoppen med 1,1 kilo beslaglagt så langt i år, berre slått av Oslo.

— Det kan og skuldast at vi har klart å kome til botn i fleire saker enn andre stader i landet, seier Fløystad.

Han seier at dei driv etterforsking opp mot dei aktuelle miljøa heile tida.

— Vi har eit stort innslag av folk frå Litauen og andre Aust-europeiske land i narkotikakriminaliteten, seier Fløystad.

PAKKEN FRA PERU med 50 capser var adressert til en eldre kvinne i Odda.Inni var det skjult et halvt kilo kokain, verdt rundt en halv million kroner.