TERJE ULVEDAL

Etter at Sogn og Fjordane i årevis har hatt bortimot klippekort på å vere fylket der færrast går utan arbeid, ligg både Oppland og Akershus no lågare.

— Vi likar lite at vi no klatrar på denne lista, og nærmar oss landsgjennomsnittet, seier fylkesarbeidssjef Frode Henden.

Sogn og Fjordane har no 3,2 prosent ledige, og det er høgt for eit fylke som har hatt arbeidsløysetal på under to prosent i fleire år.

Tungt på kysten

Det er kystkommunane som dreg statistikken oppover. I Flora og Selje er meir enn seks prosent av arbeidsstokken ledige. I andre kystkommunar som Solund, Askvoll, Bremanger og Vågsøy går kring fem prosent utan arbeid. Vanskar innanfor verfts- og fiskeindustrien er hovudårsaka til dei alvorleg høge arbeidsløysetala.

— Vi har fått ein del signal om permitteringar i fiskeindustrien som uroar oss. Fiskeindustrien er sesongprega, men for oss ser det ut til at varsla om permitteringar kjem tidlegare i år, seier Henden.

Kort sesong

Etter det Bergens Tidende kjenner til har så godt som alle fiskeindustribedrifter innan pelagisk sektor (sild og makrell) alt sendt varsel om omfattande permitteringar. Mellom dei er Domstein-konsernet, som har varsla permitteringar for kring 50 tilsette ved anlegga i Selje og Kalvåg i Bremanger.

— Årets sildesesong var ekstremt kort, og siste fangstane blei tatt rundt 20. februar. I tillegg har vi tapt kampen om makrellen, seier direktør i Domstein Pelagic, Gunnar Domstein.

Ei gransking gjort av Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og Fjordane viser at arbeidsløysetala i fylket har gått jamt oppover sidan 2002. Berre ein kommune, Vik, har hatt nedgang.