PER MARIFJÆREN

At politiet i Førde no vil gjennomføre ein rekonstruksjon av gamle vitneobservasjonar, indikerer at etterforskarane står fullstendig på bar bakke i jakta på den ukjende gjerningspersonen.

Det var i slutten av august at hettemannen vart etterlyst, etter at eit overvåkingskamera på ein bensinstasjon fanga han opp idet han passerte til fots. Politiet offentleggjorde ei rekke bilete av mannen på veg forbi bensinpumpene til Esso i Førde klokka ti over ni måndag 7. juni, altså same dag som Anne Slåtten vart funnen drepen.

Ukjende syklistar

I førre veke fortalde ein innsett i eit fengsel austpå at han kjende til hettemannen, men Fonn opplyser at det ikkje er på grunnlag av dette tipset mannen er identifisert og sjekka ut av saka.

Mannen har ifølgje politiet gjeve ei truverdig forklaring på kvifor han passerte bensinstasjonen på det aktuelle tidspunktet.

Samtidig opplyser lensmann Fonn at politiet vil gjennomføre nye rekonstruksjonar av bevegelsar i Førde sentrum rundt drapstidspunktet om morgonen søndag 6. juni.

— Dette er vitneobservasjonar som har vore kjent lenge, men dei aktuelle personane har ikkje meldt seg. Difor prøver vi på nytt på denne måten, seier Fonn.

Dei mest sentrale er to syklistar som var på veg mot drapsstaden frå kvar sin retning rundt tidspunktet drapet må ha skjedd, om lag klokka 07.06.

Etterlyst som vitne

— Den eine syklisten vart sett på veg over Fossebrua og ned mot Angedalsvegen. Den andre sykla i Storehagen i Førde sentrum, og var på veg mot Angedalsvegen i motsett retning, seier lensmannen. - Vi vil no kle opp personar og gjennomføre ein rekonstruksjon av desse, inkludert dei vitna som har sett dei to ukjende. Vi håpar dette kan gje ein oversikt som kan hjelpe til med å friske opp hukommelsen til dei som var der.

Fonn opplyser at planen er å gjennomføre rekonstruksjonen kommande onsdag. Politiet er også interessert i opplysningar om ein syklist som passerte ungdomsklubben Løa i det same tidsrommet, det same gjeld ein syklist eit vitne hørte passere ved Veglo i Førde.

Alle dei politiet ber melde seg, er etterlyste som vitne i saka.