Han er klar for matte-OL i Hellas til sommaren. No går han for NM-titelen i kjemi og fysikk også.

— Eg har ambisjon om ein gong i livet å skriva ei bok, men ikkje nødvendigvis om matematikk, røper han overfor Bergens Tidende.

— Lyrikk, kanskje?

— Nei, det blir neppe i den gata, slik interessene mine er i dag. Men du veit aldri kva framtida byr på.

— Har du prøvt deg på universitetsnivå i matte?

— Nei, det diskvalifiserer til tevlingane. Men eg har tjuvtitta litt i ei bok, og det ser interessant ut.

Treningsleir

Reknemeisteren bur på Aldal, øvst i Soldalgrenda langs gamlevegen mellom Øystese og Porsmyr. Han går på gymnaset i Øystese, men har ikkje matematikk på timeplanen. Gymnaspensum gjorde han unna på ungdomsskulen.

I staden les han fysikk og kjemi, og han er ikkje snauare enn at han har kvalifisert seg til NM i desse faga også. Over helga dreg han på treningsleir i kjemi. Opphaldet ved Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo, vert avslutta med NM-finale.

I veka etter er det tilsvarande opplegg ved Fysisk institutt.

— Eg var med i kjemi i fjor, men nådde ikkje heilt til topps, fortel Paul Kjetel.

I fjor gjekk han i andreklassen, men oppgåvene er også frå pensum i tredje.

USA uinteressant

Øystese gymnas har tilbod om opphald i USA i andre klasse, men Paul Kjetel melde seg ikkje på.

— Eit bortkasta år, kommenterer han.

Han har eit klart inntrykk av at dei som har prøvt å lesa andreårspensumet i USA kjem heim att med klare kunnskapshol som må tettast.

— Korleis kan ein som er så oppteken av realfag greia seg i andre fag, norsk stil, til dømes?

— Eg satsar på essay-sjangeren og greier meg ganske bra.

— Sikker seksar?

— Ikkje sikker, men eg har gode voner om fem.

Realfag-genar

Begge foreldra underviser ved Øystese gymnas. Faren er kjemikar, men har god peiling på andre realfag også. Han har mellomnamnet Aabel, med to a-ar, og er i slekt med skodespelarane, ikkje matematikaren.

Abel-finalen er namnet på den norske meisterskapen i matematikk, der Paul Kjetel har kvalifisert seg fire gonger. Då han las gymnaspensumet i 10.-klassen på ungdomsskulen, vart han nummer 18, året etter nummer ni. Så gjekk han heilt til topps i fjor. I år var han milevis framom konkurrentane, med 37 av 40 mogelege poeng. Nestemann fekk 30, og berre tre til kom over 20 poeng.

— Det har med modning å gjera, trur Paul Kjetel, som meiner han hadde godt oversyn over pensum allereie det første året han var med.

Fekk tidsnaud

— Kva hende med dei tre siste poenga i år? Bomma du på noko?

— Eg fekk litt lite tid siste delen av eine oppgåva, fortel han.

Her skulle finalistane visa at kvadrata av tre positive, reelle tal lagt saman, aldri kan bli mindre enn kvadratrota av tre gonger produktet av dei same tala, så sant summen av tala i utgangspunktet ikkje er mindre enn produktet av dei.

Nemleg.

Med dette spørsmålet ikkje ferdig utgreidt gjekk NM-titelen til Soldalgrenda ved Øystese med soleklar margin, og Paul Kjetel er klar for matte-OL i Hellas.

STÅR SJELDEN FAST: Paul Kjetel Soldal Lillemoen er klar for Hellas-OL, i matematikk.