• Eg rekna med at det då også blei sett av driftsmidlar. Når det blir sagt ja til å byggje noko, må det også vere eit ja til drift. I min tankegang er det eit logisk resonnement, seier Helse Førde-direktør Leif Kapstad.

Det er vedteke sentralt at institusjonen skulle byggjast.

Han vedgår at situasjonen er vanskeleg og lite triveleg.

— Først i februar når vi skal ferdighandsame budsjettet, kan vi seie noko sikkert om det blir drift i år, seier Kapstad.

Saman med direktøren for psykisk helsevern i Helse Førde har Kapstad vurdert alternative måtar å få institusjonen i drift på. Både dag- og døgnbehandling på kvardagar er skissert som «billegalternativ».

— Men dette er nødløysingar. Vi snakkar mellom anna om unge som i enkelttilfelle har behov for langtidsopphald, kanskje på eitt år og meir. Å sende desse heim på kveldstid eller i helgane, er ikkje noko god løysing.

— Trur du det blir drift i 2004?

— Dersom vi ikkje får meir av opptrappingsmidlane til psykiatrien enn det ser ut til no, kan eg ikkje sjå korleis vi kan klare å gjere meir enn vi alt gjer.