– Dette er ein sørgjeleg dag. Dolvehuset er eit monument frå skihistoria, og fabrikken har vore ein viktig faktor for at vossingane har vorte så gode skilauparar, seier Ole Didrik Lærum.

Saman med andre eldsjeler skipa Lærum i 2004 foreininga Dolveskias Vener. Eit av måla har vore eit nasjonalt ski-opplevingssenter på Voss. Senteret skulle ha tilhald i Dolvehuset, den gamle skifabrikken frå 20-talet, som heilt til i går har halde stillinga i det såkalla Helsekvartalet på Voss. Men no er det slutt for trehuset i to høgder.

Det kommunale selskapet Voss bustadutvikling skal føre opp eldrebustader på tomta. 23. mars vedtok kommunestyret riving. Sidan kom det framlegg om å flytta huset til ein annan tomt. Det vart avvist av kommunen.

– Det vart samla inn pengar til å setje opp att huset ein annan stad. Vi har også hatt ein underskriftskampanje, der mellom anna Kari Traa har skrive under. Men ingenting så ut til å hjelpa, sukker Lærum.

SISTE ETAPPE: Dolvehuset klamra seg fast mellom høghus på Vossevangen. No er det vekke. Planen er eit bygg i fire høgder, med Kiwibutikk i grunnplanet og 24 eldrebustader i resten. ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH