— Det var kanskje like bra, vedgår han dagen etter.

Enorme jord- og steinmassar har breidd seg utover livsverket hans, det velstelte gardsbruket på Berge i Høyanger. Raset som starta like mot toppen av dei knappe 900 meter høge toppane bak grenda, ser ut til å ha følgt elveløpet nedover. Skredet har sopt med seg alt like til nakne fjellet.

I det raset trefte dei flatare områda der gardane ligg, har det breidd seg utover. På det meste dekkjer store kampesteinar, rotvelter og ei blanding av sand, jord og grus bøane i meir enn 100 meters breidde og fleire hundre meters lengde.

Deretter tordna raset vidare og stoppa ikkje før det kom til Sognefjorden.

Berga bustadhus og liv

— Eg har budd her heile livet. Eg hadde aldri trudd eg skulle oppleve noko slikt, seier 88-åringen. Han står i tunet, eller rettare det som var tunet til i nitida om kvelden andre juledag. No er det eit gjørmehol.

Eit reiskapshus er rive av grunnmuren. Skifertaket ligg att på tunet. Men reiskapshuset stod på oppsida av våningshuset, og redda det frå å bli rasert. Reiskapshuset tok støyten, noko som truleg også berga livet til 88-åringen.

Sjøl høyrde han ikkje raset som tordna. Han hadde sette seg ned for å sjå på fjernsyn med teleslyngje.

Dramatisk

Frå om ettermiddagen andre juledagen var det dramatisk i Høyanger. I bustadfeltet Sandvika i sentrum var eit ras berre ti meter frå å ta med seg hus. To bilar og ein tilhengar blei sopt på fjorden og ein garasje fekk store skadar. I tillegg er tre-fire naust ved fjorden meir eller mindre totalskadde. I alt 48 personar blei evakuerte i halv titida om kvelden andre juledag til hotella i bygda.

Omtrent samstundes stengde ras vegen både vest og aust om sentrum, og 2300 innbyggjarar var isolerte.

— Det med vegstengingar har vi beredskap for å takle. Men når vi så fekk ras både i Sandvika og på Berge blei det rimeleg kritisk, seier ordførar Petter Sortland.

Fleire av dei evakuerte frå Sandvika fekk flytte heim tysdag morgon, og etter at geolog var i området seinare på dagen fekk kunne dei siste sjekke ut frå hotellet i går ettermiddag.

— Faktisk seier geologen at raset har gjort området tryggare. Det har blitt reinska godt opp i elveløpet nedover.

Millionskadar

På Berge har geologen gitt råd om strakstiltak på delar av vegen.

— Støttemurar og underlag er vaska vekk. Det er faktisk ganske kritisk, så her må vi få i gang arbeid på vegen fort, seier Sortland.

Berre på Berge har raset gjort skadar som totalt vil kome på millionar.

— Det ser forferdeleg ut, seier Einar Berge.

— Kva tenkjer du no?

— Eg veit ikkje om det er verdt å tenkje så mykje.

TUNET: Delar av taket til reiskapshuset ligg att på tunet, men skiferheller er også ført langt nedover fjorden. Reiskapshuset stod på oppsida av bustadhuset og fungerte som ein buffer som truleg berga både bustadhuset og livet til Einar Berge. Ein knapp halvtime før raset kom stod to bilar på tunet.
TERJE ULVEDAL