— Det er mogeleg å overføra opp mot 90 prosent av flytrafikken på strekningane Oslo-Bergen og Oslo-Trondheim med raske lyntog, seier Bård Norheim i Urbanisert Analyse som har analysert marknaden.

Mellom Oslo og Trondheim er det i dag 36 minutt i gjennomsnitt mellom kvart fly. Oslo-Bergen har fly kvar halvtime. Det er betre frekvens enn dei aller fleste bussrutene i landet.

Analysane baserer seg på 80 minutt mellom kvart tog, men ein vurderer også halvtimesfrekvens.

18 prosent av dagens flypassasjerar kan tenkja seg å ta toget på neste tur dersom reisetida er seks timar. Reduksjon til fem timar aukar responsen til 32 prosent. Fire timars reisetid gir napp hjå 61 prosent, medan 80 prosent går over til tog om rei-setida kjem ned i tre timar.

Analysen viser at det løner seg å stoppa undervegs, men berre på nokre få, større stasjonar.

Bergen har det største passasjerpotensialet, men Stavanger og Kristiansand til saman gir Sørlandsbanen toppscore. Trondheim heng litt etter.