Like før gårsdagens pressekonferanse i Fiskeri— og kystdepartementet starta, kom Fedje-delegasjon inn i lokalet med alvorlege andlet. Dei visste kva vi andre kom til å få høyre.

At Regjeringa, stikk i strid med kva ordførar Erling Walderhaug og folket på Fedje ønskjer, har bestemt at ubåten og det tretti mål store området rundt vraket skal dekkjast til.

Regjeringa støttar seg til miljøekspertar som meiner at risikoen er altfor stor ved å heve ubåten.

«Vi veit kva vi har»

Det er konstituert fiskeri- og kystminister Dag Terje Andersen som har avgjort at ubåtvraket U-864 skal dekkjast til. Arbeidet skal lysast ut på anbod så snart som råd, truleg til sommaren.

— Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får. Det er langt mindre miljørisiko ved å dekkje til ubåten. Med støtte frå nasjonal og internasjonal ekspertise er vi i Kystverket trygge på at dette er den beste løysinga i dag, seier beredskapsdirektør Tor Christian Sletner i Kystverket.

Fedje-ordføraren legg ikkje skjul på kor skuffa han er.

— Dei burde gått breiare ut, spurt fleire. Eg føler at ikkje alt er gjort, seier Walderhaug.

— Du vil altså framleis heve ubåten, sjølv om fagfolk hevdar at risikoen er mange gonger så høg?

— Det er ein risiko ved alt her i verda. Me er så flinke på undervassteknologi i Noreg, og burde greie dette. Eg vil dei skal ta ubåten vekk. To vrakdelar og kvikksølv må dei jaggu meg klare å ta opp, seier Walderhaug oppgitt.

Dårleg dag for fiskeriet

Marie Karlsen, leiar for folkeopprøret, er skeptisk til råda frå ekspertisen.

— Kvifor klarar dei ikkje å overtyde meg? Dette er ein dårleg dag for fiskerinasjonen Noreg, seier Karlsen og knip augene saman.

— 65 tonn kvikksølv. Tenk på den dimensjonen. Det er skremmande at ein slik verkebyll blir liggjande på kysten. Me som bur så nære føler angst og uro. Vi er ikkje trygge på at dette er godt nok.

— De har ikkje gitt opp enno?

— Eg veit ikkje. No må eg heim og dra pusten. Eg håpar ikkje siste ord er sagt

Men ifølgje statssekretæren er avgjerda er endeleg.

— De har skuffa folk på Fedje i dag?

— Eg vil tru at dei ville tatt same vedtak som oss, dersom vi hadde bytt stolar, er svaret, seier statssekretær Vidar Ulrichsen.

Vann éin kamp

Den gode nyheita i går var at Regjeringa har bestemt at oljeverndepotet på Fedje skal gjenopnast. Dette skjer ein månad etter at lastebåten «Server» havarerte utanfor øya. Det tidlegare depotet vart flytta til Florø i 2005 av Bondevik-regjeringa. Men verken ordførar, aksjonsleiar eller gruppeleiar for Fedje Ap, Kristin Beate Handeland, let seg heilt blidgjere igjen av den grunn.

— Eg er kjempefornøgd, det skuldar eg regjeringa å seie. Men vi kan ikkje vege desse to sakene opp mot kvarandre. Dei er heilt forskjellige, og skal behandlast som det, seier Handeland til BT.

— Men det er vel plaster på såret?

— Det er eit anna sår, og må ikkje blandast saman. Men for all del, det er ei veldig god nyheit, legg Walderhaug til.

Sjå også leiar side 2 i dagens papirutgave.

Håvard Bjelland
OMSTRIDD: Ubåtvraket ved Fedje.
GEOKONSULT