Dei fleste har stått i ein ferjekø i Lavik. Siste åra har køane ved ferjeleiet på nordsida av Sognefjorden blitt stadig lengre. I framtida fryktar folk i bygda at forholda blir endå verre, om vegen framleis skal gå opp den bratte bakken frå ferjekaia og gjennom sentrum.

– Før eller seinare kjem ein eller anna til å liggje under ein bil her, seier Rolf Nygård, yrkessjåfør med eige transport-selskap.

Langs stranda

På folkemunne heiter det berre «Griserumpa», vegstykket frå ferjekaien og gjennom sentrum. Frå kaiområdet går vegen først i ein 90 graders sving, så opp ein bratt bakke og vidare inn i ein 270 graders sving. Ved utgangen av den lange venstresvingen møter E39 riksveg 607, før stamvegen går vidare gjennom sentrum.

Omtrent slik vil det blir i framtida også. Omlegginga av stamvegen i Lavik blir no i all hovudsak planlagt som ut-betring av eksisterande veg, noko som inneber at all trafikken vil gå opp kaibakken og gjennom sentrum.

– Det er heilt uforståeleg. Andre stader legg dei hovudvegane utanom sentrum. Men her i Lavik, sannsynlegvis den staden det er enklast å leggje vegen utanom, skal dei ikkje gjere det, seier Signy Nyland, kommunestyremedlem frå KrF.

Alternativet til dei som vil ha vegen vekk frå sentrum, er ny veg langs stranda til ei rundkøyring aust om sentrum. Men dette alternativet aksepterer ikkje Statens vegvesen. Dei vil helst unngå rundkøyringar på stamvegnettet. Pro-testen frå Vegvesenet førte til at fleirtalet i kommunestyret i 2005 gjekk inn for «Griserumpa»-alternativet. Tre år tidlegare hadde dei folkevalde samrøystes gått inn for strandlinja.

Rygge inn i framtida

Dei som kjempar mot «Griserumpa» har trafikktryggleik, framkomst og miljø som sine hovudpunkt. På vinterstid har tungtrafikken store vanskar med å kome seg opp bakken frå kaia. I dei verste periodane med mykje is i vegen, har naboar teke oppgåva med å strø.

Når trafikken er som størst, blir oppstillingsplassane på ferjekaien for liten. Køen blir ofte kilometerlang på europa-vegen. Trafikantar som ikkje skal ned på kaien, eller ekspressbussar som skal med ferja, må køyre forbi i feltet det trafikken kjem mot, noko som skapar farlege situasjonar.

– All sunn fornuft tilseier strandlinja. «Griserumpa» blir ein flaskehals, det blir å rygge inn i framtida, seier langtransportsjåfør Martin Bjørkhaug.

Delar bygda

Tunge transportaktørar, som Firda Billag og Lastebileigarforbundet i fylket, støttar dei som vil ha strandlinja. Så seint som før helga gjekk lastebileigarane ut med at «Griserumpa» fører til ei ekstra miljøbelastning på 500.000 kilo karbondioksid i året.

Men ikkje alle i Lavik deler synet. Dei som vil ha vegen utanom sentrum, meiner å ha fleirtal, men vedgår at bygda er splitta.

Mellom dei som ønskjer at stamvegen skal gå der han ligg, er eigarane av Lavik Auto Senter. Bensinstasjonen og verkstaden er ein av dei største arbeidsplassane i bygda. Strandlinja inneber at vegen som i dag går rett forbi stasjonen, blir lagt utanom. Dei fryktar å hamne i ei bakevje. Dagleg leiar Frode Akse ønskjer ikkje å kommentere saka.