I fjor sørga EU for at det vart slutt på at distriktskommunar fekk lågare arbeidsgjevaravgift. Som plaster på såret får dei pengar til næringsutvikling frå Kommunaldepartementet.

No er planen for fordelinga av desse midlane for 2005 godkjent. Hordaland får i alt 67,5 millionar kroner, mot 47,7 millionar i fjor. For landet som heilskap er det tale om 795 millionar kroner.

— Desse midlane vil vere eit betydeleg bidrag til næringsretta tiltak, seier strategidirektør og utviklingsdirektør Jan Per Styve i Hordaland fylkeskommune.

Pengane går ikkje til enkeltbedrifter, men til bransjetiltak og infrastruktur. Den største enkeltpotten på 27,9 millionar kroner går til Jondalstunnelen.

Den bransjen som får mest er reiselivet. I alt 11,5 millionar kroner skal nyttast til profilering av Hordaland som reisemål, og til kompetanseheving og produktutvikling.

Olje- og gassbransjen får 6 millionar, som mellom anna skal gå til utvikling av gassdistribusjon.

I tillegg får marin sektor 6 millionar til nyskaping, mellom anna arbeid med nye oppdrettsartar.

Regjeringa arbeidar mot EU for å få tilbake den differensierte arbeidsgjevaravgifta, mellom anna fordi den var ei enkel og ubyråkratisk støtteordning.

Styve er optimistisk, men vedgår samstundes Hordaland som region ikkje oppfyller krava frå EU fordi det bur for mange her.

Dei 14 hordalandskommunane ordninga er meint å støtte er Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam, Bømlo, Etne, Tysnes, Kvinnherad, Masfjorden, Fedje og Modalen.