I siste utgåva av fylkesbarometeret som Sparebanken Sogn og Fjordane presenterer eit par gonger i året, kjem det fram at reiselivsnæringa i fylket totalt sett har gått i minus alle dei fem siste åra. Underskotet har variert frå 0,3 til 2,7 prosent av omsetnaden. Dei to siste åra der fullstendig rekneskap har vore tilgjengeleg, 2001 og 2002, har vore dei dårlegaste.

Konklusjonen er at høge finanskostnader øydelegg drifta for verksemdene innan reiselivet. Det har rett og slett blitt investert for mykje.

Nedgang for hotella

I undersøkinga kjem det også fram at hotella i fylket har sterk nedgang i talet på overnattingar. I juni i år var det heile 13,4 prosent færre gjester enn same månad i fjor. Også i juli og august var det klar nedgang samanlikna med same tid i fjor.

Tilbakegangen kjem som eit resultat av færre utanlandske gjester. Dei står for så godt som heile reduksjonen. Når hotella likevel har klart å halde drifta gåande, er grunnen at dei har greidd å ta ut ein høgare pris for kvart rom.

Men om hotella melder om sterk svikt i utanlands reisande, har campingplassane registrert ein auke. Stadig fleire turistar overnattar i telt, campingvogn eller bubilar. Det tradisjonelle utleige av hytter er derimot på veg tilbake.

Billeg-cruise

Av undersøkinga går det også fram at den rekordstore auken i cruisebåtar overraskande nok ikkje har ført til at desse turistane legg att meir pengar i landet. For første gong passerte talet på cruisepassasjerar til Sogn og Fjordane 230.000 denne sommaren. Men det har ikkje gitt utslag i auka varekjøp på stadene med mange cruiseturistar. Grunnen kan vere at mange av passasjerane på cruisebåtane hadde kjøpt billettar til reduserte prisar, noko som indikerer at det i sommar var lågare kjøpekraft mellom dei som kom.

I ei vurdering skriv Sparebanken Sogn og Fjordane at aktørane i næringa må satse sterkare på samarbeid og produktutvikling. Det er stort behov for omstilling, ikkje minst må tilboda formast etter etterspurnaden.

— Trenden i reiselivsnæringa går mot mindre yrkestrafikk, kortare opphald og færre kurs og konferansar. Temareiser er derimot i oppgang. Dette vil favorisere reiselivsverksemder med tilgang til gode og effektive kommunikasjonsløysingar.

Kvalitet blir understreka som alfa og omega:

— Dersom det ikkje oser kvalitet av produktet, vil det ikkje komme ut som ein vinnar.