Å reise kollektivt i Hordaland kan by på trøbbel om du stolar for mykje på Tide sin elektroniske ruteplanleggjar.

Det fekk leiar i Bømlo reiselivslag, Harald Inge Håvik erfare.

Han plotta inn heimstaden sin Mæland på Bømlo og ville til Føyno, der ekspressbussane går.

Det er ei reise på 24 km. Med eit bussbyte tar det tre kvarter. Men nettsida ville sende reiselivsleiaren på ein rundtur i Sunnhordland med buss, båt og buss igjen. Det fekk han til å kontakte avisa Bømlo-nytt.

Ut i båt

Bergens Tidende har gjort fleire forsøk på nettsida, bytt både dag og tid, men uansett vil Tide sende oss på båttur.

— Eg trudde det var berre klokkeslettet eg søkte på som gjorde dette. Det er ikkje brukande at ein må vere lokalkjend for å finne fram, seier Harald Inge Håvik.

Den kompliserte reiseruta vert dyr og tek lang tid. Og den gjeld ikkje berre dette eine sambandet, og ikkje berre for Bømlo.

Frå Mosterhamn til Føyno, der det går fleire bussavgangar, blir ein beden om å ta ein båttur til Leirvik først.

Vil du til Kinsarvik frå Odda, vert du oppmoda om å reise til Utne og ta ferja over fjorden. Det tek to timar og tjue minutt og er som å gå over bekken etter vatn. Den litt lokalkjende med eit rutehefte for handa kan lese at bussen mellom Odda og Kinsarvik går kvar dag på rett side av fjorden og tar femti minutt.

Fellesnemnaren er: Tide vil sende deg med båt.

- Ikkje til å stole på

— Har Tide ei særskild glede av å sende folk på tur med båt?

— Nei, me har ikkje det. Me har hatt nokre sjukdomsteikn med reiseplanleggjaren. Det er eit komplisert system som skal gå opp. Særleg kombinasjonen buss og båt byr på problem, seier Arild Sondre Sekse, informasjonsdirektør i Tide.

Det er ikkje første gongen Tide høyrer om krumspring i den elektroniske rutetabellen.

— Det har vore tilfelle der folk er sendt på overnattingstur for ei reise som eigentleg er ganske kort. Me håpar at folk skjønar det er noko gale når ein må bruke ti timar på eit kort strekkje, seier Sekse.

Han beklagar feila, og innrømmer at han sjølv ikkje nyttar reiseplanleggjaren.

— Er den til å stole på?

— Det er vanskeleg å seie hundre prosent ja. Difor har me lagt ut alle rutene på nett. Sjølv eg som jobbar i Tide tar gjerne opp ruta og les, seier Sekse.

Bussruter utan treff

Reiselivslagsleiaren på Bømlo synest det heile er noko komisk, men vert også litt bekymra med tanke på turisttrafikken.

— Det er mange som søkjer etter reiser på nett. Har ein ikkje bil, kan ein lett bli skremt frå å reise rundt på Bømlo. Dersom ikkje Tide vil marknadsføre dette som ein rundtur i Sunnhordland då, seier Harald Inge Håvik.

Verst er det for turisten i Odda som vil reise til Voss, Norheimsund eller Røldal. Denne må klare deg sjølv.

«Det ble ikke funnet noen vei til ditt forbindelsessøk», fortel ruteplanleggjaren. Men kvar dag går det bussar frå Odda til dei tre stadene.

TOR HØVIK