• (1/5)
    HJELPA ER NÆR: Før måtte Alfhild Nybø reise til heilt frå Hafslo til Førde for å få behandling for å få stelt leggsåret som ikkje vil gro. I dag er hjelpa 15 minutt unna med drosje. 75-åringen får behandling på Hudpoliklinikken i Sogndal, der den einaste hudspesialisten i fylket har kontortid annankvar fredag. - Det er lettare å flytte på ein doktor enn på tjue pasientar, seier Øystein Vatne. ALLE FOTO: JAN M. LILLEBØ

Reisande i hud

Den einaste hudspesialisten i Sogn og Fjordane vil ikkje at pasientane skal bruke opp livet sitt på å pendle til behandling. Då reiser heller han til dei.