Handbakutøvaren deltok i mars i år på verdas største kraftsportmesse, Arnold Classic, i USA. Under USA-opphaldet kjøpte han ein del kosttilskot, som han meiner er årsaka til at han avla positiv dopingprøve seinare same månad.

— Tilskota skulle vera hundre prosent lovlege, men må ha innehalde dei forbodne stoffa som gav utslag på dopingtesten, seier Rørbakken til Bygdanytt.

Handbakutøvaren er av påtalenemnda i Antidoping Norge meld til Domsutvalget i Norges Idrettsforbund (NIF), med påstand om to års utestenging.

Rørbakken seier til Bygdanytt at han sjekka nøye kva stoff som var i kosttilskota.

— Eg fann ikkje noko ulovleg. Eg bruker kosttilskot kvar dag året gjennom, og er blitt testa mange gonger. Aldri før er eg blitt tatt, seier handbakutøvaren.

Men han presiserer at det er hans eige ansvar kva han får i seg, og at han er villig til å akseptera ei eventuell utestenging frå sporten i to år.

Lars Rørbakken representerer Dale Håndbak Klubb, og har drive med handbak i ni år.

Han har fjorten gullmedaljar i NM, i tillegg til å vera nordisk mester tre gonger.

- REINT SAMVIT: Handbakutøvar Lars Rørbakken, som er skulda for dopingbruk, hevdar han er uskuldig.