— Me har fått oss ein kraftig lærepenge. Men no er me på beina igjen, og skal jobba aktivt for å halda bakeriet reint i framtida. Osøyro skal bli det reinaste på Vestlandet, fastslår administrerande direktør i Drageset Super Spar AS, Dag Eide.

Stoppa produksjonen

Mattilsynet stengte Drageset-kjeda sitt bakeri sist torsdag. Grunnen var for dårleg reinhald og skadedyr. Tilsynet gjekk så drastisk til verks fordi dei frykta at bakarvarene kunne vera helsefarlege. Særleg frykta dei salmonellabakteriar.

20 mann har vore med på storreingjeringa. Heile bakeriet er blitt desinfisert, og er no å rekna som kjemisk reint. Produksjonen kom forsiktig i gang igjen søndag. I går var første dag med full produksjon etter stenginga.

— Me er godt fornøgde med arbeidet som er gjort. Bakeriet har alt nådd målet sitt, for pr. i dag er Osøyro det reinaste bakeriet på Vestlandet. Utfordringa blir å halda det slik, seier distriktssjef i Mattilsynet, Paal Fennell.

Dårlege rutinar

Fennell understrekar at det er viktig at bakeriet no set fokus på rutinar og organiseringa av bedrifta. Ifølgje Dag Eide er dette hovudårsaka til det dårlege reinhaldet.

— Det er oppfølginga av dei daglege rutinane som har svikta mest, seier Eide.

Eide påpeikar at dei økonomiske konsekvensane av stenginga har vore store, og at dei vil gjera alt for å unngå liknande i framtida. Dagleg leiar ved Osøyro bakeri, Paul Drageset, vedgår at det har vore vanskeleg.

— Det har vore tøft for oss. Men me innsåg fort realitetane i det, og har vore opptekne av å få jobben gjort på ein skikkeleg måte. Me har tatt dette som ein stor lærepenge, seier Drageset.