Tysdag 7. september startar Statens vegvesen med fjellreinsk og sikring av to område langs E16, mellom Bergen og Voss.

Dei to områda heiter Godfarskolten og Kattagjelet, og ligg mellom Bolstad og Evanger.

Stengt frå sju til sju

Arbeidet medfører at E16 blir stengt i tidsrommet kl 0700–1900 måndag til og med laurdag.

Vegen vert opna for trafikk kvar heile klokketime og klokka 0730, medan bussar i rute og utrykkingskøyretøy får passere som normalt.

Av omsyn til helgeutfarten vert det opna for fri passering frå klokka 1500 fredag 11. september. Sundag er det ikkje arbeid på staden og trafikken kan gå som normalt.

I tillegg er det lysregulering av E16 på grunn av arbeid ved Hettetunnelen. Ein gjer difor lurt å rekna god tid om ein skal køyra mellom Bergen og Voss på E16 i haust.

Store steinblokker

Fartsgrensa forbi anleggsområdet vert i same tidsrom sett ned til 50 km/t

— Vi skal ta ned ein del laus stein og nokre store steinblokker oppe i Godfarskolten, som ligg kring tre kilometer aust for Bolstad. Vegen må stengjast forbi arbeidsstaden då lausmassane vil kome ned midt i vegbana. For å korte ned tida på arbeidet og for å gje trafikantane dei beste forholda, trur me ei ordning med å halde stengt og opne til faste tider er beste løysing for alle partar, seier byggjeleiar Magnar Røthe.

Han meiner ein skal vere ferdig med reinskinga innan fredag 17. september, melder Statens vegvesen.

Her kan du lese: Utdrag av rassikringsrapport for Region Vest.

Sikringsnett

Etter at ein har reinska fjellsida, skal det monterast sikringsnett. Køyrefeltet nærast arbeidsområdet vil då bli stengd og trafikken vil bli styrt forbi staden med lysregulering.

Når arbeida i Godfarskolten er ferdige skal ein til med sikringsarbeid i Kattagjelet. Også her vert det regulering av trafikken forbi arbeidsstaden, men ikkje noko stenging.