Fredag blei det ifølgje avisa Sunnhordland slege fast at det er pærebrann i Fitjar, så langt den nordlegaste registreringa for sjukdommen.

For to år sidan var det pærebrann på Bømlo. Den smittsame sjukdommen går først og fremst til åtak på eple— og pæretre, men kvir seg heller ikkje for å drepa prydbuskar.

Sjukdommen har truleg spreidd seg frå Bømlo til Fitjar med bikubar som er flytta. Hekken i Håkonarparken i Fitjar sentrum må fjernast som følgje av åtaket, like før årets Haakonarspel går av stabelen.