ARNE HOFSETH

Det einaste som er feil med sauene han beiter saman med, er at det ikkje finst ein einaste drope mjølk i spenane. Same kor kraftig han syg. Slikt er ikkje til å forstå for ein liten kalv. Spenane er i prinsippet likt matfatet som mor hans baud på då han var enda mindre. Men no er han komne i lag med lam som er "sett på". Dei skal også bli mødre og produsera mjølk til lamma sine, men ikkje enno.

Kalven er rørslehemma. Høgre bakfoten er tydeleg skadd. Han kan ha mist kontakten med mora for mange veker sidan, om ho framleis er i live. Det alvorlege handikappet kan ha hemma han i å finna mat, noko som forklarar kvifor han er mindre enn kalvar flest på denne tida av året.

Men så har han fått kontakt med saueflokken som beita oppunder Folgefonna. Kanskje har han lurt seg til ein mjølkeskvett hjå ei av ungsøyene.

— Kalven har tydelegvis trivst i lag med sauene, og han vart med heim til garden då vi sanka i helga, seier Kjell Kvåle til Bergens Tidende.

Dermed fekk han ein binge i fjøset, og lov til å beita saman med lamma på garden som skal føra slekta vidare. Dei andre vart klipte og sendt til slakteriet i Granvin i går.

— Blir det reinsdyrsteik til jul?

— Ikkje av denne vesle tassen. Då må han i tilfelle veksa kraftig, seier Kvåle, som er litt ottefull for det høgre bakbeinet, der kneleddet er opphovna. Han ser ikkje bort frå at kalven bør avlivast dersom kneet ikkje blir betre.

At reinsdyr vert tekne opp i saueflokkar er ikkje kvardagskost, men likevel ikkje heilt uvanleg. For kort tid sidan vart det meldt om eit slikt tilfelle i Sogn, og i august vart ei ungsimle "adoptert" av ein sau i Austdal på Reinsnos i Hardanger som hadde to lam frå før.

NY FAMILIE: Den vesle handicappa reinsdyrkalven har funne tryggleik og trivsel i saueflokken. Men mjølk kjem det ikkje ut or spenene, uansett kor kraftig han syg,
FOTO: JAN M. LILLEBØ