• Vassprøvene var fine. Men vi burde nok ha varsla folk likevel, seier Sigbjørn Øye i Kvinnherad kommune.

Då folk rundt klokka 9.30 søndag morgon byrja å ringe til kommunen om det dårlege drikkevatnet, hadde Sigbjørn Øye, fagansvarleg for vatn— og avlaup i Kvinnherad kommune påskefri.

— Dei av våre folk som hadde vakt var på plass ein time seinare på vassbehandlingsanlegget på Gjuvsland for å sjekke kva det kunne vere, fortel han.

Ingenting gale vart funne på anlegget, men kommunen sine folk gjekk likevel i gong med å tappe ut og spyle leidningsnettet. Om lag 11.30 vart dei tipsa om kva som kunne vere årsaka til klagene.

Reinseanlegget på Gjuvsland har moderne membranfiltrering, som skal fjerne virus, bakteriar og parasittar, og deretter vert vatnet handsama med klor.

— Vi frykta at drikkevatnet kunne vere forureina, og tok tre ulike prøver påskedag. Alle tre prøvene var heilt normale. Helsemessig var vatnet altså ikkje farleg. Men prøvene både lukta og smakte møk, og slik skal det ikkje vere, vedgår Øye.

Ikkje politisak

— Kvifor vart ikkje folk varsla om det dårlege vatnet?

— Vi fekk fort kontroll over situasjonen. Men varslinga var vel litt for dårleg. Vi kunne ha varsla betre. Men hadde vi hatt grunn til å tru at det gjekk ut bakteriar, så hadde vi gått ut med kokevarsel. Vi burde ha varsla likevel.

— Kva med bonden som forureina vatnet?

— Vi har hatt kontakt med vedkomande. Han er lei seg for det som har skjedd. Men det er stor grunn til å tru at han ikkje forstod alvoret i kva han gjorde.

— Vert dette ei politisak?

— Nei, det har vi ikkje vurdert. Men vi vil snakke meir med bonden. Vi vil óg sette opp skilt der han køyrde ut i elva med traktoren, som gjer klart at dette er inntak til drikkevatn.

Ekstra klor

Sidan forureininga vart oppdaga, har vatnet frå Gjuvsland vorte tilsett ekstra mengder klor.

— Vi har óg hatt kontakt med Mattilsynet i Sunnhordland. Etter giardia-saka i Bergen og liknande saker det siste året, har Mattilsynet vore på hogget og kikar oss stendig i korta, fortel Sigbjørn Øye.

Kvinnherad kommune er elles midt i arbeidet med å lage beredskapsplanar for alle sine tretten vassverk.

— De fekk i alle høve testa eit reinseanlegget denne påska?

— Ja. Men smaks- og luktmolekylar er mykje mindre enn virus, bakteriar og parasittar. Difor slapp dei gjennom anlegget, seier Sigbjørn Øye.