• Nødpeilesendaren har på ein uforståeleg måte hamna i denne containeren på Sotra.

Eigentleg var han på veg til gjenvinning hos produsenten, slik han skal. Det seier Nils Trones, kommunikasjons-og navigasjonsansvarleg hos Knutsen OAS Shipping.

Trones fortel at sendaren vart skifta ut ved radioinspeksjon på Sture. Der vart han lagt i øskje, og naudsynte papir vart fylte ut.

— Det vart nok ikkje sjekka hundre prosent at ein hadde teke ut batteriet, seier Trones.

— Me etterforskar no saka internt. Det er skrive avviksrapport, og me vil gå gjennom rutinane for å sjå om noko kan gjerast annleis. Det positive i dette er at me har fått stadfesta at systemet fungerer, seier han.