I reklamebrosjyren for prosjektet freistast det både med stort treningsstudio, symjebasseng og poesikveldar med dikt av Olav H. Hauge.

— Vi vil byggja for framtida. Dette skal bli eit senter heilt etter Ranveig Frøiland sitt hjarte, seier ordførar Jon Olav Heggseth - med vinterens debatt om standarden på rehabiliteringsplassar friskt i minne.

Tomta er klar

Det er Ulvik herad og Landsforeningen for hjarte- og lungesjuke som står bakom planane for rehabiliteringssenteret.

På Brakanes ligg tomta klar. I forprosjektet er det innteikna både idrettshall, symjehall og hotell- og rehabiliterings- avdelingar. I alt er senteret planlagt med 80 rehabiliteringsplassar. 10 av plassane er tenkt til brukarar med auka hjelpebehov til aktivitetar i dagleglivet. Senteret vil ha tilbod til desse gruppene:

  • Kreftsjuke
  • Personar med livsstilsjukdomar som kols, overvekt, diabetes og hjartesjukdom
  • Personar med kroniske lidingar i nerve- og muskelsystem
  • Eldre og sjukmelde med behov for rehabilitering

Finansiering manglar

  • Det er altfor få rehabiliteringsplassar på Vestlandet. I Ulvik har vi både vakre omgjevnader og mange generasjonars røynsle med å ta i mot turistar. Vi har alle føresetnader for byggja opp ein institusjon der brukarane vil trivast, seier Heggseth.

Går alt på skinner, kan byggjestart vera neste år, slik at senteret kan stå ferdig til bruk i 2010. Berre ein vesentleg føresetning må til før spaden kan setjast i jorda, pengar til å byggja for. Institusjonen, som har fått namnet Hardanger Rehabiliteringssenter, er kostnadsrekna til 310 millionar kroner.

— Så mykje pengar kan ikkje kommunen skyta inn, seier ordføraren.

For å få realisert prosjektet vonar han på hjelp både frå lokale og eksterne investorar.

Frir til Helse Vest

Brukarane må institusjonen henta frå spesialisthelsetenesta. Initiativtakarane vonar sjølvsagt å få driftsavtale med Helse Vest. Det vil vera avhengig av kva kurdøgnpris nyinstitusjonen kan setja. I dag betaler Helse Vest inntil 1400 kroner pr. kurdøgn for rehabiliteringsplassane helseføretaket kjøper. Berekna kurspris på Hardanger Rehabiliteringssenter ligg på 2200 kroner pr. døgn.

FIN UTSIKT: Klarer Ulvik kommune å reisa midlar til rehabiliteringssenter på Brakanes, kan brukarane trena seg opp i idylliske omgjevnader. ILLUSTRASJON: LHL BYGG