Regnet silte trøystesløst over dei drygt 200 menneska som hadde funne vegen til gravferda i går. Kokken Asbjørn Hvidevold blei drepen i heimen sin på Sæbøvik 18. oktober.

Inni den intime langkyrkja frå 1824 slo saksofonist Audun Tvedten an tonen med negro spiritual'en «Nobody knows the trouble I've seen» — ein melodi som nok gav uttrykk for den fortviling og sorg dei frammøtte bar på.

- Ein god og snill mann

Både på og rundt kista låg mange vakre blomar med ei siste helsing frå familie, venner og gamle kollegaer frå Drammen.

Fleire nære familiemedlemmer og ei venninne heldt tale og leste dikt for å minnast den døde. Dei takka for alle gode stunder dei hadde hatt saman og lyste fred over minnet hans.

Ein av svograne til Asbjørn Hvidevold fortalde om den fine tida etter at den kokkeutdanna halsnøybuen slutta med restaurantdrift i Drammen og kom heim til Halsnøy i 1997.

— Vi hadde ei god tid saman etter at Asbjørn kom frå Drammen. Vi kjende han som ein god og snill mann. Han lagde samankomster for eldre både i Austevoll og her på Halsnøy. Den einaste han var stygg mot var seg sjølv, sa svogeren.

Etterpå framførde han eit dikt, som Asbjørn Hvidevold ein gong hadde lese høgt, kalla «Livsveven».

-Det onde er gåtefullt

Sokneprest Terje Nag tok i talen sin utgangspunkt i dødsannonsen kor det stod at «Asbjørn Hvidevold vart så meiningslaust riven frå oss». Han talte om band som hadde blitt knytt gjennom eit langt liv, men som brått blei brote.

— Asbjørn blei riven frå dykk. Orda seier korleis de opplevde at desse banda blei brote. Orda gir uttrykk for stor smerte, sa soknepresten.

Han talte også om at livet kan vera meiningslaust, og at det onde er gåtefullt. Han bad dei sørgjande dela smerta med kvarandre.

— De spør kvifor? Ingen av oss kan svara på det, men det er viktig å spørja. Viktig at de delar smerta med andre. I bøn til Gud kan de stilla alle dei vanskelege spørsmåla, sa sokneprest Nag.

Eit hav av paraplyar omkransa kista før ho blei senka i grava. Det blei eit regntungt siste farvel.

SISTE FERD: Asbjørn Hvidevold, som blei drepen i heimen sin på Sæbøvik 18. oktober, blei i går gravlagt frå Eid kyrkje på Halsnøy. Over 200 menneske følgde han til grava. FOTO: ØRJAN DEISZ