Det lek vatn frå tårnet og inn i turistattraksjonen i Balestrand. Delar av spiret har blitt dekka til for å hindre ytterlegare skader på det anglikanske kyrkjebygget, melder Sogn Avis.

Det er Church of England som har an-svaret for det stavkyrkjeliknande gudshuset i Balestrand sentrum. Ein prest i Oslo har den overordna styringa med bygget som i daglegtale berre blir kalla Engelskkyrkja, men han er i Balestrand berre nokre få gonger om året.

Initiativet om å dekke til tårnet for å hindre meir vatn frå å leke inn, blei teke lokalt i Balestrand. Dei avventar no eit utspel frå eigaren.