KJERSTI MJØR

I mars i år spådde 72-åringen Magnus Skildheim fint vêr i april, men kaldt i mai. Varselet i BT slo til.

— 100 prosent treff, slår Skildheim fast på tampen av mai.

Dagen før 1. juni presenterer Skildheim prognosane sine for vestlandssommaren 2005. Dessverre må vi åtvare BT-lesarane mot sterke scener.

— Det går mot ein regnfull sommar, beklagar Skildheim på telefon frå fjellgarden Rørvik i Høyanger.

— Alle teikn i naturen tyder på dårlege utsikter til fint vêr. Generelt har eg ingen tru på ein god sommar i år.

«Indian summer»

Årets «sommar» inneheld likevel eit par lyspunkt. Rundt jonsok kan det ifølgje Skildheim bli vêromslag - ei kort stund.

— Når månen nærmar seg jorda 22. juni og er full, tyder det på ein finare og varmare periode, seier Skildheim til BT.

— Kor lenge det varar, er ikkje godt å seie, men det blir neppe lenger enn til 6. juli. Då er det nymåne i sør. Som regel betyr det skiftande vêr som blir ei plage.

Det blir mykje regn i juli. Og endå meir etter kvart som månaden nærmar seg slutten. August ser heller ikkje bra ut til å byrje med, men tar seg opp etter kvart.

— Ein av dei finaste periodane i sommar kan kome i slutten av august.

— «Indian summer», med andre ord ?

— Ja. Elles har eg som sagt ein dårleg magefølelse når det gjeld sommarvêret, men vi må jo håpe på nokre bra dagar innimellom, seier Skildheim.

- Avlys utandørsbryllaup

Stjernehimmel, månefasar, plantar og dyreliv. I over femti år har fjellbonden, som bur 350 meter over havet, studert vêr og vêrteikn i naturen. Kjem til dømes kråkene skrikande tilbake før 12. mars, er det teikn på kald vår.

— I år slo akkurat dèt teiknet fullstendig til, konkluderer Skildheim, som etter kvart har fått ry som rimeleg treffsikker.

— Ein prost sa om meg at «her er han som spår vêret nest etter Vårherre», kneggar Skildheim, men legg straks til:

— Ein skal ikkje setje seg opp mot Herren. Det er Han som styrer alt.

Mange vil no likevel sjekke med Skildheim. Dagleg får pensjonisten telefonar frå folk som lurar på kva helg det er lurast å arrangere slektsstemne eller utandørsbryllaup, eller om Syden-tur er det beste ferietipset i år.

— I år er det nok klokast å avlyse bryllaup utandørs, eller iallfall flytte festen innomhus - med mindre det er like etter jonsok eller i slutten av august.

Slår tilbake kritikk

Får Skildheim rett i sine profetier, kan dessutan vere større grunn for vestlendingane å ønskje kvarandre «god jul» enn «god sommar» i 2005.

— I november og desember kan vi få det finaste vêret. Det blir kaldt, men lite nedbør, seier han til BT.

I BT tidlegare i vår karakteriserte regionleiar Ole Nielsen ved Meteorologisk institutt i Oslo vêrteikn som «berre tull og tøys, og heilt fjernt frå meteorologien». No får han svar på tiltale frå Sogn.

— Det er greitt nok at meteorologane må ha data, men dei må ikkje sitje slavisk på kontoret og gløyme naturen heilt. Eg seier at det er stort tull og tøys at meteorologane ikkje følgjer med på gamle merke i naturen, seier Skildheim til BT.

— Det var dette folk levde etter på sjø og land i eldre tider. At desse vêrteikna har redda mange liv, er heilt sikkert