På dei siste tre åra har Boliden Odda – tidlegare Norzink – registrert ein auke i nedbørsmengdene som er større enn det ekspertane ventar på Vestlandet dei neste femti åra som følgje av klimaendringar.

2006 var det verste nedbørsåret i «Zinken» si over 80 år lange historie, og førte til at overflatevatn med sinkmetall og miljøgifta kadmium rann ureinsa ut i Sørfjorden. Dei kraftige regnbygene heldt fram inn i 2007.

Meir haust— og vinterregn

Forskningsprosjektet RegClim reknar med 13,5 prosent auka årsnedbør fram til 2050 i forhold til år 2000. Om hausten og vinteren vil auken vera endå større, 23,5 prosent.

RegClim er eit nordisk klimaprosjekt der Meteorologisk institutt, universiteta i Bergen og Oslo, Havforskningsinstituttet, Nansen Senteret, Bjerknessenteret og Norsk institutt for luftforsking er med.

Ein godvêrsdag i juli

Nedbørsrekordane fall i Sør-Noreg i juli, men ikkje i Bergen, trass i at byen står oppført med 24 regndagar og berre ein penvêrsdag i Meteorologisk institutt sin statistikk.

245,9 millimeter blei det målt ved Florida i Bergen i fellesferiemånaden, som er 166 prosent av normalnedbøren for juli gjennom 30 år.

Sola ved Stavanger sletta julirekorden frå 1970 med 244 millimeter.

Tørt i Nord-Noreg

Medan Nord-Noreg fekk mindre nedbør i juli enn normalt, låg Midt- og Sør-Noreg 30 prosent over normalen, melder Meteorologisk institutt.

Bø i Vesterålen fekk gjennom heile månaden berre halvparten av den regnmengda som i løpet av ein dag hølja ned over Veitastrond og sette ny døgerrekord i Luster-bygda; 37,8 millimeter onsdag 18. juli. Same dato kom det 42,9 millimeter i Trondheim – det meste som er registrert der på eitt julidøger sidan målingane starta i 1885.

Litt varmare

Parallelt med at årets sju første månader gav 25 prosent meir regn enn normalt for perioden, steig middeltemperaturen for landet med 1,4 grader.

Etter 1900 har Meteorologisk institutt berre ti gonger før målt høgare snittemperatur for perioden januar – august. På Svalbard hadde temperaturstigninga endå større utslag; opp 4,7 grader i høve til normalen.

Med 125 prosent av normalnedbøren er første halvår 2007 blant dei ti våtaste som er registrert sidan 1900.

Sommar i sikte

Komande veke kan gi ein smak av sommar igjen. Varselet for i morgon tilseier sørleg bris, mykje sol og temperatur i Bergen opp mot 25 grader.

Både måndag og tysdag er det likevel utsikter til nedbør i ytre strok på Vestlandet. Onsdag roar vinden seg, og sola sender temperaturen over 20 grader.

Mot slutten av veka blir det ifølgje langtidsvarselet meir regn, og litt kaldare i lufta.

Amundsen, Paul S.