Gjensidige Forsikring har mottatt nærmare 60 meldingar om vasskadar i Bergen og omegn i samband med styrtregnet.

— Mange av skadane gjeld oversvømte kjellarar. Verst har det gått utover hus og hytter på Damsgård, i Åsane og på Kvamskogen. Men også hus i Bergen sentrum er ramma, seier informasjonssjef for Vestlandet, Arne Voll.

I tillegg er det meldt om skadar på eit tital bilar i samme område. Bilane har enten køyrd i vatn, eller er blitt oversvømte medan dei har stått parkert.

Kommunane kan få krav

Også i Sogn og Fjordane har det kome melding om skadar. Arne Voll opplyser fredag ettermiddag at det er blitt meldt om 25 skadar, i hovudsak på hus. Det er også meldt om øydelagte hageanlegg. Fleire av skadane har skjedd i Nordfjordeid.

Forsikringsselskapet har enno ikkje full oversikt over skadeomfanget, men reknar med at det har skjedd skadar for fleire millionar kroner.

— I snitt utgjer éin skade mellom 30.000-50.000 kroner, men me har også fått meldingar om skadar på meir enn hundre tusen kroner. Litt hovudrekning seier dermed at skadane minst utgjer nokre millionar, seier Voll.

Selskapet skal vurdera om skadane har skjedd som resultat av dårleg vedlikehald, eller mangelfulle avlaupssystem, frå eigarane og kommunane si side. Om så er tilfelle, må selskapet vurdera om dei skal fremma økonomiske krav hos eigarar eller kommunane.

Ber folk sjekka hus og båt

TrygVesta melder om overraskande få skademeldingar.

— Me har berre fått inn 10-15 meldingar. Nokon kom onsdag, nokon midt på natta og resten i morgontimane. Men me utelukker ikkje at det kan koma inn fleire meldingar seinare, seier pressetalsmann Roald Stigum Olsen i TrygVesta til bt.no

Han oppfordrar folk til å rensa opp i sluk og avlaup og ta ein sjekkrunde rundt huset.

Arne Voll i Gjensidige Forsikring oppfordrar også folk til å sjekka båtane sine.

— Forrige gong det var flaum blei mange båtar ramma. Så langt har me ikkje fått meldingar om båtskadar denne gongen. Men eg oppfordrar folk til å sjekka båtane sine. Altfor mange satsar på at alt vatn renn ut av seg sjølv, seier Voll.

FLAUMSKADAR: Mange hus, bilar og vegar blei hardt ramma under flaumen i går. Her frå Vågedalen. ARKIVFOTO: PAUL SIGVE AMUNDSEN