OVE ARNE OLDERKJÆR

Kvar einaste morgon — kvardag som helg - litt før klokka åtte tuslar Sæbjørn ut døra heime på Nedre Dale på Stord for å måla nedbøren. For deretter å senda resultatet som melding på mobiltelefon til Meteorologisk institutt i Oslo.

— Ingenting i dag, men i går var det 32,7 millimeter, konstaterte 13-åringen idet Bergens Tidende i går tidleg observerte observatøren i arbeid ved nedbørsbøtta.

Ei kjapp melding på mobilen og eit notat i boka, så er jobben gjort. Deretter hiv Sæbjørn seg på sykkelen for å nå første time på Nysæter ungdomsskule. Ein sykkel han kjøpte seg for fjorårets godtgjersle frå Meteorologisk institutt.

Ein av 495

Sæbjørn Dale er sjef for ein av i alt 495 nedbørstasjonar der i hovudsak privatfolk melder inn døgervise mengder av regn og snø. Sæbjørn junior overtok for senior i juli i fjor, skriv avisa Sunnhordland.

Sæbjørn den eldre fortel at ein representant for meteorologiske stoppa ved garden hans i 1968 og spurte om å få etablera målestasjon. Då var drifta lagt ned ved Litlabø-gruvene, der målinga hadde skjedd frå 1935.

Den velstelte garden på Nedre Dale ligg i eit ope landskap langt inne på Stordøya. Tidlegare var det også nedbørstasjon på Børtveit ved Langenuen, med opptil 900 millimeter meir årleg nedbør enn på Litlabø, fortel Sæbjørn senior. Og nedbørsmengdene minka markant vestover mot Vestbøstad i Fitjar og Slåtterøy fyr ytst ved Selbjørnsfjorden.

Morgonfugl

— Eg har heldigvis ikkje problem med å koma meg opp om morgonen, seier Sæbjørn junior.

— Ein gong har eg forsove meg, då hadde eg gløymt å stilla inn klokka. Men mammo passar alltid på.

Om vinteren stiller observatørjobben også krav til å vurdera snømengd og kor stor del av flatene snøen eventuelt dekkjer kvar morgon.

Sæbjørn junior sin regnrekord så langt er vel 60 millimeter på eitt døger. Senior målte 95 millimeter ein haustdag i 1983, minnest han.

— Han er flinkare enn eg til å passa tida om morgonen. Mobiltelefonen registrerer måletida meir presist enn korta som eg sendte inn. Eg kunne nok lura litt på tida, ja, seier bestefar Dale med ein smil.

Sæbjørn den yngre har sans for matematikk som skulefag, men ser ikkje føre seg eit yrkesliv innan meteorologien. Det er pengane som lokkar skuleguten til den kortvarige observatørjobben kvar morgon, hevdar han.

Informasjonssjef Heidi Lippestad ved Meteorologisk institutt seier at vêrtenesta er godt nøgd med observatørane sine. Dei er også vanskelegare å rekruttera enn før, fordi folk rundt om i landet er mindre stadfaste enn før. Teknologiutviklinga gjer óg at talet på observatørar vil bli redusert i tida som kjem.

REGN I ARV: På Litlabø på Stord har nedbørsobservasjonen for Meteorologisk institutt gått i arv frå Sæbjørn Dale (74) til barnebarnet (13) med det samme namnet.<p/>FOTO: OVE OLDERKJÆR