Ap, SV og Senterpartiet har blitt einige om eit valteknisk samarbeid, skriv Fjordabladet. Dei tre partia som skal danne ny raudgrøn regjering, har no også valt å samarbeide i lokalpolitikken i Eid.

Det blei strid om ordførarvalet i nordfjordkommunen etter at sitjande venstreordførar Ludvigsen fekk utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane. Gunvald Ludvigsen blei vald til ordførar for to år sidan i eit samarbeid mellom V, KrF, SV og Ap.

Venstre meinte den to år gamle avtalen også sikra partiet ordførarstolen etter at Ludvigsen forsvinn til Stortinget 1. oktober. Dette blei avvist av dei tidlegare samarbeidspartia.

Venstre som fekk ein stortingsrepresentant frå Eid, må no konstatere at dei sit ribba tilbake i lokalpolitikken.