Høgre får på målinga ein oppslutnad på 7,9 prosent. SV, som er inne med siste sikre mandatet, har ein oppslutnad på 12,9 prosent. Skal Høgre ha mandatsjanse frå Sogn og Fjordane, må dei altså bortimot doble oppslutnaden på seks månader.

— Dette var voldsamt, er den spontane kommentaren til førstekandidat Mathias Råheim frå Gaular.

Turbulens

Høgre var gjennom ei opprivande nominasjonsprosess. Sitjande stortingsrepresentant Sverre Hoddevik frå Selje blei vraka til fordel for Råheim. På nominasjonsmøtet orda fleire representantar frå den tapande Hoddevik-fløyen frampå om at det kunne bli knapt med heilhjarta valkampinnsats.

Etter jul kom så meldinga om at fylkesleiar Liv Stave trekte seg. Stave gjekk fordi ho oppfatta situasjonen i partiet slik at ho ikkje hadde tillit.

— Sjølvsagt kan det som har skjedd siste halvåret ha ei viss betydning for denne målinga. Eg trur også avgjerda om å verne Nausta kan ha spelt inn. Men det trur eg vil skal greie å hanke inn att, seier førstekandidaten.

Han meiner det heller er regjeringsslitasje som går utover partiet.

— Eg føler det har vore eit hardkøyr mot Høgre frå andre parti. Som det største regjeringspartiet blir veldig mange utspel retta mot oss. Vi får skulda for det meste, seier Råheim.

Gåvepakke frå KrF

Også i Sogn og Fjordane Kristeleg Folkeparti har det vore turbulens. Arverekkefølgja var klar, Gulen-ordførar Trude Brosvik skulle ta over som partiets frontfigur. For fire år sidan takka ho nei til nominasjon. Denne gongen sa ho ja.

Så skjedde det at partiet sette Per Steinar Osmundnes på topp. Glopparen er vald som første vararepresentant denne perioden, med tok over plassen på Stortinget då Magne Aarøen gjekk bort. Brosvik blei henvist til andreplassen, ei avgjerd som fall mange tungt for brystet sjølv om det aldri kom til overflata på same måte som i Høgre.

Ap held stand

Heller ikkje Arbeidarpartiet har sleppt unna lokal uro både rundt nominasjon og leiarval. Men her ser ikkje bråket ut til å ha gitt særleg utslag i veljarmassen. Partiet er størst på målinga med 27,5 prosent. Dei ligg også nærast til å kapre sistemandatet.

Senterpartiet får 19,5, eit resultat som ber bod om at valnatta kan bli svært hyggjeleg for senterpartistane.

Framstegspartiet er no tredje størst i målinga med 16,1 prosent. Men gode målingar har i regelen blitt følgt opp med skuffande tilbakeslag valnatta.

SV held fjerdemandatet med 12,9 prosent, og må altså dersom dette resultatet held seg fram mot valdagen først og fremst konkurrere med Ap om plassen.

Målinga er gjennomført frå 14.-16. mars. Barometeret er basert på intervju med 600 personar.