Senterpartiet, med partileiar og samferdsleminister Liv Signe Navarsete som førstekandidat, har framleis langt att til målet om to på Stortinget frå heimfylket.

– Så langt kan vi ikkje seie å ha sett noko Liv Signeeffekt i Sogn og Fjordane, seier lokal valekspert Knut Henning Grepstad.

– Kvi­for skjer ikkje det?

– Det kan vere at partiet har teke ut sitt potensial. Sogn og Fjordane er ikkje lenger like sterkt forankra i primærnæringane.

Framgang

Sjølv om 5,8 prosentpoeng og 3499 stemmer skil Sp frå å bli størst i fylket, har ikkje partileiaren gitt opp håpet om å bli større enn regjeringskollega Ap.

– Det er positivt at vi også på denne målinga er i framgang. Eg meiner det er viktig for folk i Sogn og Fjordane at landet framleis får ei raudgrøn regjering med eit sterkt Sp som kan tale distrikta si sak. Og det er berre med eit sterkt Sp at fylket kan få ein partileiar som skal vere med på å forhandle fram ei regjeringserklæring, seier Navarsete.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane har eit velsmurt valapparat, og ein tradisjon for å spurte sterkt i valkampar. I denne siste BT-målinga før valet, har kvar fjerde veljar ikkje bestemt seg. Med så mange på gjerdet, er det vans­keleg å vere sikker om utfallet.

– Det som skjer dei siste dagane av valkampen vil bli svært viktig, meiner Grepstad.

Heller ikkje SV får utteljing for taburettar. Fornyingsminister Heidi Grande Røys er langt unna mandat.

Brosvik inne

Skilnaden frå valet for fire år sidan, er at Trude Brosvik (KrF) no er inne på utjamningsmandat i staden for Gunvald Ludvigsen (V).

– Utjamningsmandat er ein veldig usikker sport. Men vi får vere glade for det som er, seier Brosvik, vel vitande at KrF tapte utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane med 50 røyster for fire år sidan.

Og Grep­stad meiner Brosvik ikkje har noko grunn til å lene seg tilbake dei siste dagane av valkampen:

– Ut­jamningsmandat er så usikkert at det vil endre seg mange gonger dei siste dagane.

I tillegg til Sp går også Høgre fram. Men framgangen på 2,2 prosentpoeng er langt meir beskjeden enn i Hordaland.

– Framgangen er på ingen måte så stor at vi kan snakke om ein Ernaeffekt som har smitta frå nabofylket, konkluderer Grepstad.

Framstegspartiet er på same nivå som for fire år sidan, og held sitt mandat. Men samanlikna med målingar dei siste åra, går partiet tilbake.