JOHN LINDEBOTTEN

— Eg kan seia heilt sikkert at denne regjeringa kjem til å leggja fram proposisjonen om Hardangerbrua, seier Erna Solberg til BT.

— Betyr det at proposisjonen kjem før valet 12. september?

— Det er ikkje sikkert. Men regjeringa skal sitja etter valet óg. Det er vi som skal leggja fram statsbudsjettet for neste år, som du veit. Det vi ville gjera klårt med pressemeldinga som vi sende ut, var at regjeringa står samla bak Hardangerbrua, og at det er denne regjeringa som legg proposisjonen om brua fram for Stortinget, seier Erna Solberg.

Ho legg til at Hardangerbrua er svært viktig for utviklinga i dei indre delane av Hordaland.

Tre frå Hordaland

Det var ikkje Samferdsledepartementet, men dei tre regjeringspartia, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre, som melde frå om regjeringa sitt standpunkt til Hardangerbrua. Ei pressemelding som vart send ut var underskriven av tre regjeringsmedlemer frå Hordaland: - Erna Solberg, Laila Dåvøy og Lars Sponheim.

I pressemeldinga står det at Hardangerbrua er kostnadsrekna til to milliardar 2005-kroner. Meldinga presiserte og at den eksterne kvalitetskontrollen av brua stadfestar både finansieringsplanen og trafikktala.

Gutunge på julekvelden

— Eg kjenner meg mest som eit gutunge på julekvelden, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, til Bergens Tidende. Lutro minner om at aksjeselskapet vart skipa så tidleg som i 1988.

— No trur eg dette endar bra.

Det gjer godt å kjenna standpunkta til dei tre regjeringspartia, seier han.

Luktar valkamp

— Måten denne meldinga kjem ut på luktar valkamp, men når det er sagt, så er eg sjølvsagt svært glad for meldinga om at Hardangerbrua får full oppslutnad hjå regjeringspartia, seier tidlegare fylkesordførar Gisle Handeland. Han var statssekretær i Samferdsledepartementet då Ap-regjeringa vende tommelen ned for brua i 1996.

— No gled eg meg over at Arbeidarpartiet er med i fleirtalet for brua, seier Handeland til BT.

Tar samfunnsansvar

— Det er godt å sjå at alt arbeidet som er lagt ned i denne saka held mål, seier tidlegare styreformann i Hardangerbrua AS, Magnar Lussand, Sp.

— Dette vil vera grensesprengjande for Hardanger. Og eg vil inderleg vona at fleirtalet for brua ho held seg, seier hotelleigar Edmund Utne, som vedgår at han vil vera nervøs heilt fram til røystinga i Stortinget.

— Vi har opplevd så mange tilbakeslag i denne saka, men no ser vi også korleis hardingane har tatt samfunnsansvar, seier Edmund Utne.

NESTEN I MÅL: Dei tre partia i Bondevik-regjeringa er no samde om å byggja Hardangerbrua. Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet har óg varsla at dei vil røysta for brua.