Svein Ludvigsen skal etter planen tiltre jobben som fylkesmann i Troms måndag 16. januar.

Ifølgje standardavtalen for statstilsette på leiarlønskontraktar, er han avhengig av skriftleg godkjenning frå arbeidsgjevaren for å kunne påta seg eitkvart styreverv eller andre lønna oppgåver utanom jobben. Det inneber at det må søkjast om godkjenning.

Det er Moderniseringsdepartementet med statsråd Heidi Grande Røys (SV) som er arbeidsgjevar for fylkesmennene og som vil måtte godkjenne eller avslå ein søknad frå Ludvigsen. Det er ikkje utenkjeleg at saka vil bli lufta på regjeringsplan.

— I slike saker er det særleg to forhold vi legg vekt på: For det første at det ikkje oppstår nokon interessekonflikt mellom verv eller engasjement og jobben som fylkesmann. For det andre må ikkje vervet vere for byrdefullt, opplyser ekspedisjonssjef Kasper Holand i Moderniseringsdepartementet til Bergens Tidende.

— Fylkesmannsjobben er ei hovudstilling. Den krev sin mann eller kvinne. Det er det ein bør bruke tida på, seier Holand.

Ludvigsen vart utnemnd til fylkesmann i Troms allereie i 2001, men han har aldri begynt jobben. Hausten 2001 tok han sete i Bondevik II-regjeringa der han var medlem fram til Regjeringa gjekk av i oktober i år.

Han har aldri underteikna leiarlønskontrakten som inneheld passusen om skriftleg godkjenning av styreverv.

I går mottok Moderniseringsdepartementet eit brev frå Ludvigsen der han reiser spørsmålet om presidentvervet i Redningsselskapet let seg sameine med jobben som fylkesmann, opplyser informasjonssjefen i departementet, Jan Egil Nyland, til Bergens Tidende.

Sjølv uttalar Ludvigsen at det vil vere ei stor og krevjande oppgåve å overta president- og styreleiarvervet i ein herja organisasjon som Redningsselskapet. Han gjev samstundes uttrykk for at han meiner vervet let seg kombinere med jobben som fylkesmann. Og han har veldig lyst på vervet i Redningsselskapet.

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, skal det meir til for å få aksept for nye krevjande oppdrag på si for ein heilt fersk fylkesmann, enn for ein som er godt innarbeidd.

Det er difor langt frå sikkert at Ludvigsen vil få ja til å påta seg den krevjande jobben med å skape ro i organisasjonen og få Redningsselskapet på rett kjøl.

Fristen for å lansere kandidatar til nytt styre i Redningsselskapet går ut 29. desember. Val skal haldast på det ekstraordinære landsmøtet 14. januar.

DOBBELTARBEIDANDE: Svein Ludvigsen har lyst på jobben som president iRedningsselskapet. Den vil han i så fall kombinere med stillinga som fylkesmann.