Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa seier nei, både til pilotprosjektet for nye arbeidsplassar i Ålvik og framtidig drift av den stupbratte trallebanen i fjellsida ovanfor.

For trallebanen etterlyser statsråden eit sterkare lokalt engasjement. I eit intervju med Hordaland Folkeblad seier ho at ordførar Astrid Farestveit Selsvold ikkje ville drøfta trallebanen då dei møttest, berre pilotprosjektet.

På hovudet

– Meltveit Kleppa snur ting på hovudet. Det er eit engasjement frå statleg hald som manglar, kommenterer ordføraren overfor bt.no.

Ho minner om at rapporten om drift av banen vart sendt til tre departement i mai, og eit samrøystes heradsstyre står bak.

– Problemet er at statsråd Roger Enoksen, som ei av sine siste embetshandlingar, utferda rivingsordre på trallebanen, og statlege Statkraft har sagt at dei ikkje går inn med pengar i prosjektet. Vi kjem ingen veg med denne saka før Staten gjer eit grep, seier Selsvold.

Nye arbeidsplassar

– Er du meir interessert i å snakka om pilotprosjektet?

– Javisst, fordi trallebana først treng avklaring frå Staten si side. Det er rimeleg klart at Kvam kommune korkje har makt eller økonomi til å engasjera seg i Statkraft si trallebane åleine. Pilotprosjektet kan gje nye arbeidsplassar på kort tid, no som Bjølvefossen varslar oppseiingar att.

– Men det går skeis med pilotprosjektet også. Kvifor?

– No har ikkje eg lese avslaget enno, men slik eg har fått det referert, skuldast det at Kvam ikkje er i nokon verre situa-sjon enn andre kommunar som misser industriarbeidsplassar.

Ser på Ålvik isolert

– Har Regjeringa rett i det?

– Vårt poeng har vore å sjå på Ålvik-samfunnet for seg sjølv, uavhengig av sysselsettingssituasjonen i resten av det langstrakte heradet. Med dette utgangspunktet kunne Regjeringa, gjennom pilotprosjektet, skaffa seg eit verkty til å takla situasjonen på mange einsidige industristader i landet no når dei gunstige kraftavtalane går ut, forklarer Kvam-ordføraren.

Ho konstaterer at Regjeringa ikkje vil skaffa seg eit slikt verkty i Ålvik. I staden blir korta blanda og det skjer ei avsporing med påstandar om veikt lokalt engasjement i ei anna sak.

Turistmagnet

– Vil ikkje også trallebanen gje næringsutvikling og arbeidsplassar?

– Sjølvsagt. Det er ingen motsetnad her. Trallebanen kan på lengre sikt bli ein reiselivsmagnet for heile Hardanger, og gje ringverknader. Men kraftstasjonen og banen er først og fremst kulturminneprosjekt. Kanskje er det også noko for vernestyresmaktene å engasjera seg i, seier ordførar Astrid Farestveit Selsvold.

STUPBRATT: Trallebana i Ålvik.
Christiansen, Roar