Ifølgje Sogn Avis inneheld smørbrødlista sterke kutt av tilbod i sektorane omsorg, helse, skule og barnehagar.

Stikkord på smørbrødlista er også utsetjinga av byggestart på ny ungdomsskule. Elevane får svi gjennom dårlegare vikarordningar, eit SFO-tilbod utan pedagog, mindre symjeundervisning. For dei minste gir notatet varsel om muleg nedlegging "av barnehageplassar, avdelingar eller barnehagar". Og for dei sjuke og gamle er, ifølgje smørbrødlista, budsjett-medisinen 2003 både færre sjukeheimsplassar og reduksjon i tilboda på aldersheimen.

Ordførar Jarle Skartun (Sp) har både mindre politisk aktivitet og kutt i ordførarstillinga som alternativ for å spare utgifter i administrasjonen, i ein dramatisk økonomisk situasjon for regionsentret i indre Sogn.

Den politiske budsjetthausten i Sogndal avgjer dei endelege kutta i sektorane helse, omsorg, skule og barnehagar.