Dei amerikanske prøvene av vesten som finst på nesten alle norske skip vart utført seinhaustes 2000.

— Problemet var at vesten ikkje hadde dei snueigenskapane som det internasjonale regelverket krev, seier Sam Wehr i US Coast Guard til Bergens Tidende. Wehr er leiar for den avdelinga i US Coast Guard som er ansvarleg for all livvest-godkjenning i USA.

— Vi gjennomførte ingen fullskala-test, men prøvde vesten på fleire testpersonar. Det var då så mange som ikkje vart snudd over på ryggen at vi ikkje såg noko poeng i å halde fram med prøvene for denne modellen, seier Wehr.

Direktoratet var vitne

Han vil ikkje gje nokon generell karakteristikk av eigenskapane til den norske vesten.

— Det er mange faktorar som er med og avgjer sjansane for å overleve med ein vest. Eg veit ikkje korleis denne modellen ville klart andre prøver, difor kan eg berre uttale meg om snuevnen, seier Wehr.

Sjøfartsdirektoratet er vel kjent med utfallet av prøvene i USA: Dåverande avdelingsdirektør Konrad Magnus Havig i Sjøfartsdirektoratet var på plass ved bassengkanten for å sjå på. Det same var avdelingsleiar John Matthews frå Fleetwood Testing Laboratory i England - instituttet som seinare utførte testane som gjorde at dei norske vestane no er svartelista i EU.

— Den norske vesten svikta gong etter gong. Han oppfylte rett og slett ikkje krava, seier Matthews til Bergens Tidende.

- Eit lite sjokk

Matthews var overraska over at Regatta-vesten kom så dårleg ut.

— Vi har svært gode erfaringar med norsk redningsutstyr, som plar halde høg kvalitet. Difor var det eit lite sjokk å sjå kor dårleg Regatta-vesten fungerte. For oss var det heilt opplagt at han ikkje oppfylte krava, seier Matthews.

— Regatta-leiinga seier at dei internasjonale krava er lite hensiktsmessige, blant anna fordi krava til snuing gjer vesten ustabil i vatnet?

— Det er tullprat. Eg kan vere samd i at regelverket kan trenge visse mindre oppgraderingar. Men då må det gjerast først. Vi kan ikkje ignorere lovverket og selje vestar internasjonalt som ikkje følgjer nokon standard som helst. Det er rett og slett ulovleg, seier Matthews.