ARNE HOFSETH

Då blir det heidundrande pappbåtregatta mellom to flytebrygger på Kalvåg hamn i Bremanger.

— Papp må vera det viktigaste byggematerialet og deltakarane må bygga båtane sine sjølv, seier leiaren i bygdelaget, Alf-Haakon Harlem, til Bergens Tidende.

Havari-premie

Han krev full innsats, men lovar god premiering. Gildast er publikumsprisen, ei plastjolle til nær ni tusen kroner. Men det vankar også premie for flottaste havariet, best sjømannskap og den raskaste overfarten.

Plastmateriale og motor er bannlyst. Her det muskelkraft som tel. Men elles tillet ein dei fleste knep for å halda farkosten flytande, og å syta for framdrifta. Storleiken på båt og mannskap er valfritt.

— Det er lov å bruka treverk til ramma, men sjølve skroget skal vera av pappkartongpapp. Elles er det greitt å bruka spiker, lim og tape. Gjerne ståltråd og hyssing òg. For at pappskroget skal tola vatn, kan det målast, presiserer Harlem.

— Dette er mest for moro, men sjølvsagt tek vi tryggleiken alvorleg. Alle må bruka redningsvest, og ein redningsbåt vil vera beredskap, seier han.

Skipsverft i kvart hus

Harlem utfordrar alle potensielle pappbåtreiarar til å kontrahera sine nybygg snarast, og melda dei på. Elles kan det bli for stutt tid til å få tett båt til festivalen.

Kystkulturfestivalen sitt program har elles eit variert innhald med mat som eit gjennomgåande tema. Det blir også fleire kunstutstillingar, foredrag, forteljekunst, underhaldning, musikk, leik og moro for store og små. I samarbeid med Sommarakademiet blir det også arrangert ein eigen kunstskule for born.