Det framgår av svarbrevet som statsminister Kjell Magne Bondevik sendte til dei parlamentariske leiarane for opposisjonen onsdag kveld.

I svaret nemner Bondevik at Regjeringa, som tidlegare varsla, vil kome tilbake med omtale i revidert nasjonalbudsjett av budsjettmessige konsekvensar av meirforbruket i 2004. Her vil ein også omtale styringa av økonomien i Forsvaret.

Plassere saka

«Dersom det er forhold som Stortinget ønsker nærmere belyst, kan dette også skje på vanlig måte med spørsmål og svar i forbindelse med Stortingets behandling av stortingsmeldingen og revidert nasjonalbudsjett.»

Med dette opplegget ser det ut til at Bondevik freistar å plassere saka i Forsvarskomiteen, leia av Marit Nybakk (Ap). Ho er kjent som langt mindre kritisk innstilt overfor forsvarsminister Kristin Krohn Devold, enn partiet sin hovudtalsmann i Kontrollkomiteen, nestleiar Kjell Engebretsen.

Sparkar ballen tilbake

Bondevik avsluttar brevet på denne måten:

«Regjeringen er også villig til å framlegge en egen sak om disse forhold så raskt som mulig. Det vil i den sammenheng være hensiktsmessig også å kunne bygge på Riksrevisjonens merknader om 2004-regnskapet som vil bli framlagt før sommeren».

På sett og vis sparkar Bondevik med dette ballen tilbake til opposisjonsleiarane. Spørsmålet nå er korleis dei vil reagere, ikkje minst i lys av valkampen.

På grunn av helga hadde fleire av partileiarane ikkje sett brevet i går og heller ikkje hatt høve til å drøfte innhaldet.

— Dette er ikkje det Stortinget har kravd. Eg opplever svaret som «berre snakk» frå statsministeren. Men eg er ikkje overraska. Tvert om, seier Carl I. Hagen, parlamentarisk leiar i Frp, til Bergens Tidende.

- Omgåing

— Eg oppfattar svaret frå Bondevik som ei omgåing av vedtaket Stortinget har gjort. Dette handlar eigentleg om skikk og bruk - om forholdet mellom storting og regjering. Eg veit ikkje om det er bevisst frå Bondevik si side - eit ønskje om å omgå stortingsvedtaket - eller om han ikkje har sett seg godt nok inn i kva vedtaket går ut på. Uansett blir eg litt oppgjeven over eit så lemfeldig forhold til Stortinget, seier Marit Arnstad til Bergens Tidende. Ho er parlamentarisk leiar for Sp og var statsråd i Bondevik I-regjeringa.

Parlamentarisk leiar i SV, Kristin Halvorsen, seier til Bergens Tidende at det Bondevik her skisserer: «er ikkje det Stortinget har bede om».

Ho legg til at ho vil samrå seg med dei andre parlamentariske leiarane om korleis ein skal handtere saka vidare.

— Når Stortinget fatta vedtaket sitt, var det av di vi meinte det var eit klart behov. Det er forbausande at det skulle vere så vanskeleg for Regjeringa å lage og kome til Stortinget med ei slik sak som dei parlamentariske leiarane har bede om. Vi kan ikkje be statsministeren om å trylle. Det verkar nå som om Regjeringa først vil makte det til hausten. Det er litt overraskande, seier Kjell Engebretsen.