Dahl, som det siste tiåret har lagt til rette for opplæring av både flypilotar i Braathens og rundt 1200 snøggbåtførarar, kritiserer Sjøfartsdirektoratet for å svikta ansvaret sitt.

— Det overraska oss veldig då vi etter «Sleipner»-ulukka fekk vita at direktoratet ikkje lenger skal driva utsjekk av snøggbåtførarar. Det undrar meg korleis opplæringssystemet i reiarlaga kan vera levande visst ikkje det blir kontrollert, sa Bjarne Dahl i Sunnhordland tingrett torsdag.

— For oss verkar det nesten som om at Sjøfartsdirektoratet vil gardera seg mot å vera ansvarleg, og fråskriv seg ansvar for kontrollen, la Dahl til. Det er kvart reiarlag som no sjekkar ut snøggbåtførararane, det vil seia sørgjer for at dei har naudsynt opplæring i forhold til forskrifter før dei får navigasjonsansvar.

- Ubrukeleg

Den 66 år gamle konsulenten var i vitneforklaringa si også misnøgd med arbeidet til granskingskommisjonen etter «Sleipner»-ulukka.

— På snøggbåtkursa har vi vore opptekne av kva vi kan læra av slike ulukker. I kommisjonen sin rapport kan eg ikkje sjå ein einaste ting vi ikkje visste frå før. Ein svært dårleg rapport. Ubrukeleg, sa Bjarne Dahl.

— Rapporten er ubrukeleg reint fagleg, der er mistydingar og feilkonklusjonar. Der er ingen analysar av alternative risikobilde, til dømes om det skulle oppstå brann under grunnstøytinga. Rapporten synest veldig hendingsstyrt, det er uforståeleg, meiner Bjarne Dahl.

Ifølgje Dahl er det enno ein markert kulturskilnad mellom flypilotar og snøggbåtførarar. Blant anna har flynavigatørane ein standardisert bruk av radar, medan skipskapteinar opererer radar meir etter eigne hovud. Dessutan har pilotar ein utstrekt kommunikasjon i cockpit som navigatørar på snøggbåtar ikkje har, påpeikte Bjarne Dahl.

Skar ut 90 grader

Skipsførar Oddbjørn Kristiansen (61) fortalde retten om ei kraftig utskjering av ein katamaran han førte i Finnmark i 1998. Då han skulle styra inn gjennom ei moloopning, skar båten ukontrollert kraftig ut til eine sida. Å kompensera med roret var nyttelaust for kaptein Kristiansen.

Båten segla sin eigen sjø nokre sekundar før kapteinen fekk kontrollen. Tilsvarande hadde Kristiansen opplevd før, der snøggbåtar brått har skore opptil 90 grader ut til side, helst med bølger bakanfrå. Ein kollega i Finnmark Fylkesrederi hadde opplevd det same.

Etter desse erfaringane blei båten og søsterfartøy kontrollerte og påmontert større ror. Problemet skal dermed vera løyst.

Som dei tre siste vitna i «Sleipner»-rettssaka forklarte torsdag el-tilsynsmann Tor Amund Gjersvik og HSDs flaggrutemannskap John Harry Åsheim og Konrad Knutsen seg. Gjersvik vedgjekk at han ved kontrollen av «Sleipner» i Australia på vegner av Sjøfartsdirektoratet hadde forveksla to batteri. Han trudde straumkjelda til overgangsnaudlyset om bord var plassert bak styrhuset, medan det faktisk var plassert under hovuddekk.

Åsheim og Knutsen stod fram som gode vitne for HSD og sa at dei begge hadde fått tilstrekkeleg opplæring i både manøvrering av «Sleipner» og evakueringssystemet om bord.

Sunnhordland tingrett tek no pause fram til tysdag, då aktor har sin prosedyre. Dei to påfølgjande dagane er det forsvararane til HSD og kaptein Sverre J. Hagland sin tur.