30-åringen har eitt av landets lengste rulleblad, med 28 dommar — det meste tjuveri og mindre narkotikakriminalitet. Han er det politiet kallar ein gjengangar, og har gått ut og inn av fengsel heile sitt vaksne liv.

Både påtalemakt og domstolar i Bergen har dei siste åra følgd ei streng linje mot denne typen kriminelle. I mai i fjor vart 30-åringen dømt for å ha stole ei lommebok med 139 kroner. Påtalemakta ville ha han dømt til to års fengsel, tingretten ga han ni månader. Tingretten viste til at sjølv om brotsverket var nokså lite, er den notoriske kriminaliteten som 30-åringen står for både plagsam og eigna til å gjere folk utrygge. Korte fengselsstraffer mot slike folk vil svekke tilliten til domsstolane ute blant folk, meinte dommarane i Bergen.

«Uforholdsmessig streng»

Dommen vart anka til lagmannsretten av forsvarar Jørgen Riple, men anken vart forkasta.

Nå har Høgsterett redusert straffa mot 30-åringen til fire månaders fengsel. Førstevoterande dommar skriv at straffa frå tingretten er «uforholdsmessig streng», både isolert sett og fordi 30-åringen fekk ein ny dom på ni månader for liknande kriminalitet like etter.

— Dette opnar for god gammaldags svingdørspolitikk, der slike folk får tre vekers fengsel og så er ute att. Kravet frå Stortinget om å skjerpe straffa mot gjengangarar er ikkje tatt til følgje, seier politiadvokat Helge Vigerust. Han er sterkt kritisk til dommen, men seier dei må leggje han til grunn for praksis i liknande saker framover.

- Har vore i utakt

Forsvarar Jørgen Riple meiner dommen viser at påtalemakt og domstolar i Bergen har vore heilt i utakt med resten av landet.

— Her hos oss vil dette få konsekvensar, heilt klart. Straffa må stå i forhold til brotsverket, seier Riple.

30-åringen vil ha sona ferdig i mai. Då vil eit omfattande rehabiliteringsopplegg vente på han.

— Eg har tru på opplegget. Skal det lykkast for han, må det bli nå, seier Riple.