Det var søkt om støtte for 129 personar som kontrollørane anten ikkje kunne finne i innbyggjar— eller folkeregisteret, eller som ikkje er busett her i landet. Ein av dei oppførte medlemmane var død.

Levende Ord på Kråkenes er det klart største trussamfunnet i Hordaland, med 2429 godkjende medlemmer, og får utbetalt 653.000 kroner frå staten. På andreplass kjem Pinsekirken Tabernaklet i Marken i Bergen med 1532 medlemmer, følgd av Syvendedagsadventistene med 1463 medlemmer og Det Islamske Forbund med 1457.

Det blir gitt 269 kroner i statstilskot per medlem. Til saman gjekk det 3,2 millionar kroner til 55 forskjellige trussamfunn i Hordaland.