Eitt av tiltaka som blir vurdert er å samle alle planlagde kirurgiske inngrep ved sentralsjukehuset i Førde. Også akuttberedskapen i kirurgi kan bli sentralisert. Arbeidsgruppene som no vurderer innsparingstiltak i Helse Førde, ser også på om det er pengar å spare på å sentralisere all ortopedi. Signala om reduksjonar i tilbodet ved lokalsjukehusa har skapt sterke reaksjonar.

Også i Førde er det planlagt endringar. Mindre avdelingar kan bli slått saman til større einingar for å nytte sengekapasiteten betre. Heller ikkje ved sentralsjukehuset har nedskjeringane det blir arbeidd med gått upåakta hen. Fokus er mellom anna sett på at sengeposten på øyre/nase/hals kan bli lagt ned, og pasientane plassert på andre avdelingar.

Sogn og Fjordane har i dag lokalsjukehus i Lærdal og på Nordfjordeid, i tillegg til Førde sentralsjukehus. Under sentralsjukehuset i Førde ligg også avdelinga i Florø. Denne skal gjerast om til nærsjukehus, i hovudsak for kommunane Flora og Bremanger.

Etter planen skal styret i Helse Førde ta stilling til dei omfattande endringane på eit styremøte i slutten av månaden. Men i går ba fylkesordførar Nils R. Sandal om at helseføretaket utset det endelege vedtaket om innhald og struktur i sjukehustenestene. Grunnen er at Stortinget har bedt regjeringa leggje fram ein analyse av kva rolle lokalsjukehusa skal spele i spesialisthelsetenesta. Fylkesordføraren meiner Helse Førde må vente med å vedta endringar i innhaldet ved lokalsjukehusa til Stortinget har handsama saka.