Den rusa passasjeren drog fram ein foldekniv straks etter at han hadde sett seg i bilen, og truga og sjikanerte sjåføren heile tida medan han vifta med kniven og nekta å betala.

Den røslege passasjeren sa han var sinnsforvirra og farleg og heldt den skræmde drosjesjåføren i sjakk under køyreturen til Sagvåg og Litlabø. Den 36 år gamle passasjeren stakk blant anna kniven ned i bilsetet.

Sjåføren greidde å rygga i all hast bort først då passasjeren forlet bilen og utførte hærverk og trugsmål mot ein institusjon der han tidlegare budde.

No har Sunnhordland heradsdrett dømt 36-åringen til seks månaders fengsel. Dommen omfattar også trugsmål mot ein kvinneleg nattevakt ved institusjonen mannen seinare blei utvist frå, mot vakter på ein utestad på Leirvik, og for vald mot politiet.