— Dette blir ein livreddar, det er heilt sikkert, seier distriktssekretær John Birger Ystebø i Redningsselskapet. - Vi ser at både trafikken og farten aukar langs kysten, og spesielt gjeld det småbåtane i sommarhalvåret. Denne skøyta vil effektivt tette holet mellom skøytene i Bergen og Måløy.

Redningsselskapet har landsmøtevedtak på å opprette denne skøyta seinast i 2006. No kan prosjektet truleg realiserast to år tidlegare.

Det er gåver frå Sparebanken Sogn og Fjordane (ein million kroner) og Gjensidige NOR Forsikring (300.000 kroner) som no sikrar god nok grunnkapital til den nye redningsskøyta. Summen frå sparebanken er den største dei har gitt noko enkeltprosjekt.

Skøyta skal stasjonerast i Ytre Sogn, og skal dekke den kvite flekken på beredskapskartet mellom Florø og Bergen. Det 41 fots spesialbygde fartyet blir av «Simrad-klassen», får ein marsjfart på over 30 knop og skal bemannast av eit lokalt, frivillig redningskorps. Det blir utstyrt med blant anna brannsprøyte og lensepumper, og skal kunne operere i både grunne farvatn tett ved land så vel som under harde forhold til havs.

I tillegg til småbåttrafikken peikar Ystebø på at yrkestrafikken særleg i området Fensfjorden og Sognefjorden krev betre beredskap enn dagens. Mellom anna tankskip som trafikkerer Mongstad og bulktrafikken til og frå aluminiumsverka i Sogn gjer faren for kollisjonar og andre ulukker større enn nokon gong.

Redningsselskapet vil neste helg arrangere skipingsmøte for ei ny lokalforeining som skal arbeide vidare med å få etablert det frivillige sjøredningskorpset og den nye redningsskøyta.

NY TRYGGLEIK TIL SJØS: Ei ny redningsskøyte av denne typen skal stasjonerast i Ytre Sogn frå 2004. Dermed vil det kvite feltet mellom Bergen og Måløy på Redningsselskapets beredskapskart bli fylt ut.