Stortingsrepresentant og stordabu Olav Akselsen (Ap) og samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) vitja i går Stord Lufthamn. Med seg hadde dei ein liten lekkasje frå revidert nasjonalbudsjett, som blir lagt fram i morgon: Flyplassen får sju millionar kroner til bygging av brannstasjonen luftfartstilsynet krev.

– Viss ein ikkje hadde fått på plass desse pengane så sjanse for at flyplassen måtte stenge vore stor, seier Akselsen

. Klar til våren

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust seier bygginga vil starte i september og stasjonen stå ferdig våren 2008.

Opphavleg kravde luftfartstilsynet at brannstasjonen skulle stå ferdig 1. september i år. Myklebust seier flyplassen er i samtalar med luftfartstilsynet, og han reknar med å få utsett fristen for når brannstasjonen skal stå ferdig.

Nedtur i fjor

Pengane til brannstasjon er eit plaster på såret etter statsbudsjettet i fjor. Då vona flyplassen på ei løyving på i alt 28 millionar kroner, pengar som skulle dekkje både ny brannstasjon og nytt tårn.

– Neste gong vil vi prøva oss med ei løyving berre til brannstasjonen som vi har fått pålegg om å byggja. Så får vi vente med tårnet, sa Stordordførar Magne Rommetveit då.

Kommunen er eigar

Stord kommune eig 79 prosent av flyplassen, Hordaland fylkeskommune resten.

Det store målet er å trygge drifta ved å få staten til å overta eigarskapet og innlemme flyplassen i det statlege kortbanenettet. Skjer det så blir det Avinor som får ansvaret for å finansiere investeringar som må gjerast.

Akselsen seier Hordaland Arbeidarparti har vedteke at staten bør ta over flyplassen, men at spørsmålet først blir vurdert under handsaming av nasjonal transportplan for 2009.

Knekk etter ulykke

Fire personar omkom då eit Atlantic Airways-fly med 12 passasjerar om bord køyrde utfor rullebana under landing på flyplassen 10. oktober i fjor.

Ulykka gav flyplassen ein økonomisk knekk fordi storkunden Aker Kværner flytta trafikken av arbeidarar over til den større flyplassen i Haugesund.

Før ulykka hadde flyplassen på Stord 70.000 passasjerar i året. I år er målet 30.000 passasjerar.

Kravet om ny brannstasjon kom før ulykka, og har ingen samanheng med den.