Fyrst rundt klokka 21.30 er kvinna på veg til lege. Då var det over fem timar sidan meldinga om ulukka ved fjellet Lihesten i Sogn og Fjordane vart meld.

— Ho er i ambulansen no og vert frakta til legevakten. Ho har lettare skadar, melder AMK Førde.

Måtte snu

Det var like over klokka 16 at Hovudredningssentralen på Sola vart beden om å bistå Hyllestad Raude Kross. Ein kvinneleg pasient hadde skada foten og kom seg ikkje ned att.

— Me lånte bort SeaKingen, men grunna tåke i området måtte me snu. Vedkomande må difor takast ned langs bakken av Raude Kors og ambulansepersonell, fortel redningsleiar Eirik Walle.

Ulukka skal ha skjedd ved rundt 400 høgdemeter. Toppen av Lihesten er 777 meter over havet.

- Ankelbrot

Rundt klokka 18.30 var helsepersonalet framme hos kvinna, ifølgje AMK Førde.

— Det er snakk om eit ankelbrot, fortel Walle.

Helikopteret prøvde å landa i drygt halvannan time. Dei hadde von om at tåka skulla letta, men forholda vart berre verre.