Tjukk skodde i området gjer det uråd å komme fram med helikopter til fjellet Veslelågpiken der dei tre sit faste.

Det var like før klokka åtte i går kveld at politiet blei varsla om dei tre personane som har gått seg faste i kring 1500 meters høgde ved Innvik. Jegerane melde sjølv frå til politiet over mobiltelefon. Dei tre hadde blitt overraska av skodde og gått feil.

I går kveld blei det forsøkt å bruke redningshelikopter for å frakte jegerane ned, men forsøket måtte avblåsast fordi det blei for mørkt.

Dei tre er både kjende i området og fjellvane. Men dei var ikkje utstyrt for overnatting i så stor høgde. Etter vêromslaget i natt med temperaturfall og regn, har dei tre truleg hatt ei tøff natt.

For å ta seg ned til fots må dei tre passere ein farleg brearm.