Mannen la ut på tur i Jostedalen søndag formiddag, men kom ikkje fram som avtalt etter turen fra Leirdalen til Krundalen i Jostedalen i Luster kommune.

Den sakna er godt kjent i området og i god fysisk form, og skulle ha vore framme på ettermiddagen eller tidlig kveld søndag. Mandag føremiddag vart eit ambulansehelikopter frå Førde sett inn i letinga etter mannen, og ein bror av den sakna var samtidig i ferd med å gå opp same ruta.

— Det er snakk om eit stort område, og i første omgang brukar vi helikopter og kjentfolk for å gjere eit grovsøk etter den sakna, seier vaktsjef Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

— Vi har også varsla ei breredningsgruppe som står parat til å rykke inn ved behov.

Politiet tenkjer her spesielt på det tilfelle at mannen kan bli funnen på ein vanskeleg tilgjengeleg stad i det ville fjellterrenget. Inntil vidare er det ikkje aktuelt å setje større styrkar som eksempelvis hjelpekorpsmannskap inn i leitinga.

Mannen hadde sparsomt med klede med seg då han la ut på fjellturen i godveret søndag, men hadde nistemat, opplyser politiet.

— Vi held alle eventualitetar opne, og håpar det på beste.