Bjørn Edvard Skibenes er 56 år gamal og kjem frå Husnes. Namnet på den sakna vart frigjort søndag ettermiddag.

Redningsaksjonen blei avslutta lørdag kveld, og ein er no over i fasen der ein søkjer etter antatt omkomen.

— Vi har ikkje lenger håp om å finne mannen i live, seier operasjonsleiar Asbjørn Andersen i Hordaland politidistrikt.

— Arbeidet med å finne mannen skal fortsetje, men eit slikt søk krevjer andre ressurar. Vi vil planlegge dette i morgon, seier Andersen.

Dårleg ver

Lørdag var det for dårleg ver til at frivillege kan søkje frå sjøen.

Føraren av sjarken på 26 fot blei meld sakna klokka 18 fredag kveld. Då hadde det gått fire timar sidan han sist vart observert ved Sunde i Kvinnherad.

Redningshelikopter og minst fire båtar vart sett inn i søket. Blant anna deltok kystvaktskipet KV Ålesund i leitinga.

Seint fredag kveld blei ei jolle som stammar frå sjarken funnen i ei vik nord for Sunde. Det blei også funne vrakrestar og søket på land ble difor intensivert.

KV Ålesund har leita heile natt til laurdag, utan hell.

Dykkarsøk

Hovedredningssentralen sette inn større ressursar då det lysna laurdag morgon.

— Vi sender ned dykkarar der vrakgodset er funne, i håp om å finne meir, seier vakthavande redningsleiar Asbjørn Viste ved Hovudredningssentralen på Sola.

Varmesøkande kamera blei brukt i søket.

– Vi har satt inn 40 personar frå Kvinnherad Røde Kors som gjer strandsøk. Kystvaktskipet Nornen er ute med to lettbåtar og den eine skal søke med undervannskamera. Dessutan søker redningsskøyta Nils C.P. Aure langs strender og sjøen utanfor, seier redningsleiar Nils-Ole Sunde ved Hovedredningssentralen Sør-Norge til NTB.

Sist sett i 14-tida

– Det er ingen spor etter båten. Vi reknar med at han har gått under, sa Ola Vaage ved Hovudredningssentralen på Sola fredag kveld.

Ifølgje han er dei to siste meldingane frå klokka 14 fredag ettermiddag. Båten skal ha blitt observert nær Sunde av ein annan sjøfarande. Omtrent på same tid skal mannen ha ringt heim til sin eigen familie for å fortelje at han var ved Sunde, og snart heime på Husnes. Sidan vart det stilt.

Det blåste friskt fredag kveld og natt til laurdag. Laurdag føremiddag blåste det liten kuling inn mot land i søkjeområdet.

Båten er beige med ei raud stripe på styrehuset.

Geir Remme
GEIR REMME